Vertskaps- og programansvarleg

Er du glad i å møte nye menneske og få gjester til å kjenne seg velkomen? Likar du å organisere og å halde orden? Nynorsk kultursentrum har ledig stilling som vertskaps- og programansvarleg ved det heilt nye Vinje-senteret for dikting og journalistikk. 

Vinje-senteret for dikting og journalistikk opnar dørene hausten 2021 med ei utstilling som undersøker korleis fakta og fantasi pregar dikting og journalistikk i Noreg før, no og for framtida. Nynorsk kultursentrum driv allereie formidling i Vinjestoga, ved arrangement og Litteraturdagane i Vinje. I 2021 vil Nynorsk kultursentrum ha fire faste tilsette og ein aspirant i Vinje. 

Arbeidsoppgåvene for vertskaps- og programansvarleg er
drift av resepsjon, butikk og eventuelt mattilbod ved senteret 
• planlegging, avtalar, økonomi og logistikk ved arrangement Litteraturdagane i Vinje og andre arrangement 
• ansvar for kalender, organisering av omvisingar  
• å delta i omvisingar og pedagogiske opplegg ved behov 
• å halde publikumsareal og lager i orden 
• å oppdatere sosiale medium og nettstad 

Vi ser etter deg som set gjestene våre i sentrum og gjer dei gode og trygge opplevingar dei gjerne vil oppleve igjen. Du er strukturert og rutinert, van med digitale reiskapar og har forståing for grunnleggjande økonomisk og administrativt arbeid i verksemder. Interesse for norsk journalistikk, litteratur og musikk kjem godt med. 

Vertskaps- og programansvarleg samarbeider i det daglege saman med arenaleiar og utstillingsansvarleg om utvikling, planlegging og gjennomføring av formidling til ulike målgrupper.

Aktuell utdanning og erfaring kan vere frå kultur, administrasjon eller marknadsføring. 

Kompetansekrav
• Høgare utdanning  
• Erfaring med kassasystem, oppgjer, varebestilling, lagerteljing 

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark.

Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser og helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale. 

Stillinga er ledig frå 1. januar 2020 og har kontorstad ved Vinje-senteret i Vinje kommune i Vestfold og Telemark. 

Grip sjansen! Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 1. november 2020 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. 

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Du kan opplyse om at du ønskjer å verte unnateke offentlegheit. Det kan du søkje om og grunngi i e-posten som følgjer med søknaden. 

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med dagleg leiar Kristian W. Rantala, 46 29 98 04.

Fagområde:

Arrangement, drift av kafe og butikk, administrasjon, omvising og marknadsføring

Arbeidsstad:

Vinje-senteret, Vinje kommune

Tittel:

Vertskaps- og programansvarleg 

Utdanning:

Høgare utdanning

Søknadsfrist:

1. november 2020

Oppstart:

1. januar 2021

Stillingstype:

Fast stilling, 100 %

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre