Prosjektstilling: Konservator/førstekonservator i nynorsk skriftkultur

Nynorsk kultursentrum skal styrkje det kulturfaglege arbeidet og lyser ut ei mellombels stilling som konservator/førstekonservator i nynorsk skriftkulturStillinga blir ein del av det museumsfaglege arbeidet ved Aasentunet i Ørsta og forskingsarbeidet i institusjonen.   

Stiftinga Nynorsk kultursentrum forskar på nynorsk språk og litteratur. Stiftinga formidlar kunnskap og kultur til heile landet gjennom turnear, arrangement og digitalt. Våre eigne arenaer er Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje. 

Det museumsfaglege arbeidet vil innebere å byggje opp kunnskapsgrunnlaget til ei ny basisutstilling i Aasentunet. Arbeidet består å samle kunnskap om tema som nynorsk i samfunnet, nynorsk litteratur og framveksten av nynorsk skriftkultur. Aktuell fagbakgrunn kan vere frå fleire humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, til dømes journalistikk, litteratur, historie, filosofi, nynorsk skriftkultur, lingvistikk eller kunsthistorie. 

Den som blir tilsett, skal ha ein del skjerma forskingstid til eigne prosjekt (2040 %). Forskinga i Nynorsk kultursentrum tek utgangspunkt i nynorsk språk og litteratur eller samlingane våre. Det er stort rom for å finne relevante og interessante forskingsprosjekt innanfor desse rammene. 

Konservatoren/førstekonservatoren kan drage nytte av  forskingsnettverka og –samarbeidsom Nynorsk kultursentrum deltek i, dersom vedkomande har prosjekt som passar. Vi samarbeider mellom anna med skriftkulturmiljøet ved Høgskulen i Volda, Forskingsnettverket for poetisk tenking (med medlemmar frå mellom anna Universitetet i Bergen, Universitet i Stavanger og Høgskulen i Innlandet) og Musea i Møre og Romsdal.  

Det er ein fordel med formell kvalifisering som ph.d., førstekonservator NMF, førsteamanuensisprofessor, førstelektor eller dosent. 
Det er krav om fullført mastergrad og minst éin fagfellevurdert artikkel.  

Den som blir tilsett, må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn i tråd med det lokale lønssystemet. 

Stillinga er ledig frå no og fram til 31.12.2022. Kontorstaden er i utgangspunktet Aasentunet i Ørsta – men fleksibel kontorstad kan diskuterast. 

Send ein søknad med CV, publikasjonsliste, minst eitt vitskapleg arbeid og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 13. juni 2021 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt avdelingsleiar Tone Slenes: tlf. 91 51 88 22.

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.

Fagområde:

Forsking, samling og dokumentasjon

Arbeidsstad:

Aasentunet i Ørsta

Tittel:

Konservator/ førstekonservator i nynorsk skriftkultur

Søknadsfrist:

13. juni 2021

Stillingstype:

Prosjektstilling