- 1/1
Frå DKS-produksjonen Les for livet Nynorsk kultursentrum
| Målgruppe | Varigheit | Antal utøvarar | Maks elevar per arrangement |
|---|---|---|---|
| 5.–7. trinn | 45 minutt | 2 | 60 |
Omtale
"Les for livet" er ei spennande sciencefiction-teaterframsyning om to framtidsmenneske som er fanga i romsonden "Littera". Berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får reise tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, og har gløymt korleis det er å vere forelska. Dei veit ikkje eingong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!
I romsonden Littera er det ein tidskapsel. I han ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Ei forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn dei orda, finn dei kjenslene, finn dei jorda! Dersom dei ikkje klarar å få kontakt med kjenslene sine att finn dei heller ikkje løysingsordet, og romsonden vil bli sprengd i filler. Dei to i romsonden må lese for livet!
Nyttig informasjon
Varigheit
45 minutt
Trong for berehjelp eller anna lokal hjelp
Utøvarane har med ein tung kasse som det kan vere behov for berehjelp til.
Tid opprigg
45 minutt
Tid nedrigg
20 minutt
Arena/rom
Gymsal, Auditorium eller lignande
Antal utøvarar
2
Treng scene
Nei
Treng blending
Ja
Treng el-uttak
Ja
Ynskjer til lokal arena
Utøvarane treng ei sceneflate på 4x5 meter. Lokalet må blendast. Behov for vanleg el-uttak.
For- og etterarbeid
Ja.
Spørsmål og tinging
Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning.
For- og etterarbeid
Utvikla i samarbeid med Nynorsksenteret og Foreningen !les
Utøvarar og produsentar
Utøvarar
Hanne Mellingen har lang erfaring som skodespelar, songar og koreograf, og har vore med fleire rundar i Den kulturelle skulesekken. Ho er utdanna frå Bårdar Akademiet i Oslo og Complete Vocal institute i København.
Ronnie Mega Herdlevær har erfaring frå både instutisjonsteater og det frie scenekunstfeltet, både med eigne produksjonar og i ulike kompani. I 2023/24 tok han kurset "Å spele på nynorsk" med Eldbjørg Lognvik på Teater Vestland.
Produsent
Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.
Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.
Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.