Litteraturdagane for dei minste

Bilete av Marianne Gretteberg Egedal
Marianne Gretteberg Egedal. Foto: Ingrid Styrkestad

Søndag 28. august kl 12.30 ynskjer Vinjesenteret og Nynorsk kultursentrum barnefamiliar velkomne til lesestund med illustratør og forfattar Marianne Gretteberg Engedal, der ho les og fortel frå biletboka Pølsetjuven.

Gretteberg Engedal sørgjer for at Litteraturdagane for første gong har eit eige barneprogram. I tillegg skal Geir Egil Eiksund på turné til skular i Vinje, Kvitseid og Fyresdal under festivalen med boka si Kampen. Han byrjar onsdag 24. august med eit barnebokbad for 5. klasse ved Åmodt skule. Marianne Gretteberg Engedal kjem dessutan attende til Vest-Telemark i oktober. Då skal ho innom fem kommunar, og både skular og barnehagar får besøk.  

– For Vinjesenteret er forteljinga kjernen i det vi driv med, og både forteljingar og språk er viktig når du skal forstå verda og byggje din eigen identitet. Difor er det viktig for oss å nå ut til barn og unge, seier arenaleiar Petra J. Helgesen.  

– Både gjennom Litteraturdagane, den faste utstillinga ved Vinjesenteret og fleire arrangement utover hausten, vil barn og unge få både interessante og morosame opplevingar, fortel barne- og ungdomsformidlar Drifa Gudmundsdottir. 

 Uteutstillinga Fantasihagen står fram til 15. september, der skulebarn frå Vinje kommune har illustrert forteljingane til eit knippe forfattarar.  

– I vår hadde me besøk frå alle skulane i Vinje kommune. Dei fekk mellom anna fylgje katten Lurivar gjennom utstillinga, og teste kor gode dei var på å avsløre falske nyhende. I tida som kjem håpar me at ungar frå heile Vest-Telemark tek turen, avsluttar Helgesen og Gudmundsdottir.