-
Frå venstre: Marit Eikemo, Margreth Olin og Maria Lavik. Foto: Agnete Brun, Tove K.Breistein. Agnete Brun, Tove K.Breistein.
VÅRPROGRAM
Margreth Olin – Song til mor
Filmskapar Margreth Olin kjem med sin skjønnlitterære debut Song til mor. Romanen har fått strålande kritikkar. Song til mor er ei øm forteljing om livslang kjærleik – til naturen, til kunsten, til mor og far.
- 3/3 Grendasalen, Stordal kl. 18.00
- 4/3 Sykkylven bibliotek kl. 19.00
- 5/3 Giske folkebibliotek kl. 14.00
- 5/3 Ålesund bibliotek kl. 19.00
- 6/3 Ulstein bibliotek kl. 14.00
- 6/3 Sula bibliotek kl. 19.00
Marit Eikemo – Vi er brødrene Eikemo
Marit Eikemo har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.
- 10/3 Sykkylven bibliotek kl. 19.00
- 11/3 Vatne bibliotek kl. 19.00
- 12/3 Sula bibliotek kl. 19.00
- 13/3 Herøy folkebibliotek kl. 14.00
- 13/3 Volda folkebibliotek kl.19.00
Maria Lavik - Odelsskam
I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppe mellom hendene på forfattaren. Samanvove med hennar eiga historie er den særnorske over tusen år gamle odelsretten.
Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
- 24/3 Herøy folkebibliotek kl.19.00
- 25/3 Hareid folkebibliotek kl.19.00
- 26/3 Haramsøy bibliotek kl.19.00
- 27/3 Ørsta folkebibliotek kl.19.00
- 31/3 Moa bibliotek kl.19.00
- 1/4 Storfjord kulturhus kl.19.00
- 2/4 Giske folkebibliotek kl.19.00