Litteraturhuset i Møre og Romsdal

Prosjektet er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum for å gi folk i heile fylket gode litteraturopplevingar. Fleire aktørar er med på spleiselaget.

Møre og Romsdal har ikkje eit eige litteraturhus, men har mange hus som kan fyllast med litteraturopplevingar. Bibliotek, forsamlingshus og andre lokale der folk kan samlast, skal huse arrangement for barn og få besøk av forfattarar som fortel om bøkene sine og skaper ny innsikt. Dette er eit prosjekt for 2021–2023 med mål om å bli ei fast ordning. 

To sterke litteraturformidlarar går saman for å gi sunnmøringane, romsdalingane og nordmøringane arrangement og opplevingar der dei bur. Ordninga blir organisert frå Plassen i Molde og Aasentunet i Ørsta. 

Bjørnsonfestivalen har god erfaring frå prosjektet SamLesLITT, som har skapt nye og fleire litteraturopplevingar saman med biblioteka i Romsdal. Nynorsk kultursentrum driv formidling på bibliotek og gjennomfører turnear i heile landet, og styrkjer no verksemda på dette feltet. 

Samarbeidet og engasjementet rundt Litteraturhus i Møre og Romsdal bidreg til at litteraturtilbod blir tilgjengelege for alle i fylket. 

Dei fleste kommunane i fylket har takka ja til å bli med i ordninga. Dei bidreg med 15 000 kroner for tre til fem arrangement i året med forfattarar og litteraturformidlarar frå heile landet. Nokre har også betalt meir for å få arrangement fleire stader i kommunen. 

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar prosjektet med 700 000 kroner kvart år i tre år.  

Norsk kulturråd og Fritt ord har innvilga støtte. Næringslivet i dei tre regionane støttar prosjektetblant anna er SpareBank 1 Nordvest, SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Sparebankstiftelsen SMN og GassROR IKS med på laget. 

Desse kommunane er med:  
Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Hareid, Herøy, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Sande, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.