Hopp til hovudinnhald

Lurivar og det hemmelege skrinet

  • ein kunstmålar målar på eit lerret og Lurivar står rett bak
    1/1
    Frå framsyninga Lurivar og det hemmelege skrinet Humberset Foto
MålgruppeVarigheitAntal utøvararMaks elevar per arrangement
1.–4. trinn60 minutt260

Omtale

I Lurivar og det hemmelege skrinet møter elevane i 1. til 4. klasse tunkatten Lurivar og ein kunstmålar.

I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar som har med seg ein koffert med nynorske biletbøker. Så dukkar kunstmålaren opp med staffeli og målarsaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren, og pønskar ut ein måte å lure til seg skrinet på.

Saman presenterer kunstmålaren og Lurivar nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Under framsyninga teiknar og målar kunstmålaren fleire bilete ut frå innspel elevane kjem med.

Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og Kunstmålaren har eit humoristisk driv som engasjerer elevane.

Forfattar Lars Mæhle har skrive manus til denne produksjonen, som har form som eit musikkteater med litteratur- og kunstformidling. Komponist Beate Lech har laga musikk til songane som blir brukte i framsyninga.

Nyttig informasjon

Varigheit

60 minutt

Tid opprigg

30 minutt

Tid nedrigg

20 minutt

Arena/rom

Klasserom, Gymsal. Ønska speleflate på minst 4x5 meter med bord/pult som det er mogleg å stå på.
Om ein nyttar klasserom eller gymsal kjem an på kor mange elevar det er.

Antal utøvarar

2

Treng scene

Nei

Treng blending

Nei

Treng el-uttak

Ja

For- og etterarbeid

Nei

Spørsmål og tinging

Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning. 

Utøvarar og produsentar

Utøvarar

Hanne Mellingen

Oda Alisøy

Produsent

Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.

Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.

Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.

  • Lurivar og kunstmålaren
    1/3
    Humberset Foto
  • Lurivar og kunstmålaren
    2/3
    Humberset Foto
  • ein kunstmålar målar på eit lerret og Lurivar står rett bak
    3/3
    Frå framsyninga Lurivar og det hemmelege skrinet Humberset Foto