- 1/1
Olav Øyehaug Opsvik og Ottar Grepstad. Vemund Norekvål Knudsen
Tidlegare direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, fekk prisen for «eit livsverk med strategisk og kløktig arbeid for å styrkje nynorsk skriftkultur og institusjonsbygging», heiter det i grunngivinga til Noregs Mållag.
Mållaget peikar også på Grepstad sin periode som direktør for Nynorsk kultursentrum, frå 1999 til 2018:
- I 1999 vart Ottar Grepstad tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum, og var såleis den aller fyrste tilsette. Det er dette samfunnsoppdraget han har blitt mest kjent for.
Mållaget skriv også:
- Som direktør for Nynorsk kultursentrum vart Ottar Grepstad ei eiga kraft for nynorsk skriftkultur og for nynorsk institusjonsbygging. Med han som direktør var det ikkje berre eit kultursentrum som vart etablert i Hovdebygda – det vart eit kraftsentrum.
Noverande direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, deltok under prisutdelinga og kom med ei helsing på vegner av stiftinga. – Ottar hadde skrive seg inn som ein sentral aktør i kulturhistoria Nynorsk kultursentrum forvaltar lenge før han gjekk av med pensjon i 2018, var noko av det Opsvik sa.
Venner og kollegaer i Nynorsk kultursentrum helsar Ottar og gratulerer med høgst fortent målpris! Til lukke – og tusen takk!
Ottar Grepstad sin tale i høve utdelinga av Målprisen 2025
Ottar Grepstad
Vi har eit problem
Takk for Målprisen
Haustseminar i Noregs Mållag i Oslo 18. oktober 2025
Her var det mange andre som no kunne ha stått her og sagt: Takk for prisen! Det er berre nokre få prosent av nynorskbrukarane og sympatisørane våre som er med i Noregs Mållag, og der er mange ikkje-medlemer som i det daglege gjer det som utviklar ein språkleg fellesskap.
Eg melde meg inn i Noregs Mållag hausten 1971, har aldri meldt meg ut og aldri hatt styreverv i noko mållag. Noko av det første eg gjorde, var å opne ein debatt i Dag og Tid om strategien for den første store lærebokaksjonen. Dette er ei rettferdssak, sa eg, for på Jæren hadde vi samla folk på tvers av språkpolitiske meiningar med det argumentet. I toget på Bryne 28. oktober 1971 gjekk difor også Jac Lund, han som seinare var sponsorkongen i norsk idrett. Alle skal med, sa vi, nesten alle blei med, og i to timar møtte ikkje lærarane til undervisning. Men ja, eg forstod at dette var målsak.
Seinare brukte eg lang tid på å bli fortruleg med sjargongen i målrørsla. Uttrykk som ‘randsone’ og ‘offensiv’ og ‘defensiv’ skulemålsrøysting heldt meg unna. Altfor mange har snakka den typen stammespråk som folkevalde i Stortinget bruker når dei vågar seg til eit daddelvedtak.
Frå ulike politiske arenaer kjenner eg gleda over samrøystes vedtak og store fleirtal. I dette ligg eit paradoks.
På den eine sida greidde vi i Nynorsk forum å samle alle nynorskaktørane om språkpolitiske og statsbudsjett-politiske prioriteringar gjennom to tiår utan ei einaste kampvotering, utan ein einaste omkamp og utan at nokon gjekk frå møta i protest. Det var utenkjeleg på 1900-talet.
På den andre sida gjeld det å utfordre. Det er viktig at mange er samde, men blir den semja for stor, kjem eg i tvil. Ikkje heile tida, men når noko blir teke for gitt og gamle resonnement blir brukte om att ukritisk. Då er eg nok blitt oppfatta som den kritiske sjela eg kan vere.
Difor har eg brukt så mykje tid og så mange sider på å leite fram kunnskap som er blitt gløymd, eller knapt nokon har sett før, eller som bør forståast på anna vis i dag. Det meste er skrive som ein konstant protest mot den klisjeen som leiarar grip til når det røyner på: Nå ser vi fremover. Eg har også sett bakover fordi det er så mykje rart, fint, ukjent å finne der som kan vere med og forklare kvifor vi er der vi er i dag.
No har eg fått det for meg at den beste måten å takke Noregs Mållag på for prisen, for samvær i over femti år, for det denne førestilte og opplevde fellesskapen har fått til av endringar, er å seie her og no:
Hauge, vi har eit problem.
Ja, eg seier problem, ikkje utfordring.
La meg først berre minne om at fire av fem nynorskbrukarar er vaksne, myndige borgarar. Det er mykje vanskelegare å utvikle språkpolitikk for denne mangfaldige flokken enn for dei som vi veit kvar vi har – i skulen.
Problemet er at dei aller fleste i ei endå meir mangfaldig gruppe ikkje blir integrerte i den språklege fellesskapen vår. I ein årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur åtvara eg for 25 år sidan mot å bruke innvandrarane mot nynorskbrukarane. Då argumenterte meiningssterke miljø for at det var viktigare å bruke pengar på integrering av innvandrarar enn på å lære nordmenn eit språk dei visstnok ikkje ville få bruk for.
I dag må det seiast: Hald ikkje innvandrarar og urfolk og historiske minoritetar utanfor det nynorske! Innvandrarane tok til å bli mange i 1990-åra. Frå då av har dei fleste i innvandrarbefolkninga hatt såkalla fritak for opplæring i meir enn eitt norsk språk. I desse dagar bur 965 113 barn, unge, vaksne innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Noreg. Dette vil seie at vi er på veg inn i eit samfunn der eit aukande mindretal i Norge blir halde utanfor Noreg. Eg meiner at dette er den mest kritiske faktoren i arbeidet med å skape eit samfunn med to reelt jamstilte språk.
Det er godt kjent at opningane for fritak i skulen blir misbrukte. Det er opprørande å lese i Norsk Tidend at halvparten av dei kommunane som krev at staten skal bruke nynorsk til dei, sjølve nektar vaksne, innvandra innbyggjarar å lære nynorsk. Dei gjer det med dei 25 år gamle argumenta: Innvandrarar endar i urbane strøk og må difor lære bokmål. Desse såkalla nynorskkommunane er jamt over mindre urbane enn andre og meiner altså at nynorsk ikkje høyrer heime i urbane strøk. Difor er denne prisen ei helsing til den 19 år gamle ukrainske flyktningen Dmitrij Pisarskij i Oslo, som på eiga hand har omsett nettenesta Telegram til nynorsk.
Her må det tenkjast og spørjast og tvilast og skrivast og snakkast og byggjast alliansar. Eg erkjenner at vanskar ventar, store vanskar, men. Då Houston fekk meldinga om eit problem ute i verdsrommet i 1970, greidde dei å hente tre menneske i ein blekkboks tilbake til jorda. Den politiske optimismen vår tilseier at også dette jordiske problemet kan løysast, for slike problem har målfolk løyst i 175 år.
Eg bukkar og takkar og ønskjer lykke til!