- 1/1
Åse Kleveland heldt opningstalen då Aasentunet då markerte 25-årsjubileum under Festspela. Tone Solhaug
25 år etter at den nye Fehn-bygninga opna for ålmenta i Hovdebygda, er Nynorsk kultursentrum ein institusjon med breitt nedslagsfelt og mange ulike tiltak og prosjekt for å løfte og formidle nynorsk skriftkultur.
Jubileet blei markert med eit gratis, fullsett arrangement i Aasentunet, med mellom anna Stein Torleif Bjella og Åse Kleveland. Kleveland, som var kulturminister på 1990-talet, gav Sverre Fehn det ærefulle oppdraget det var å teikne det nye nasjonale museet i Hovdebygda. Eit slikt jubileum er eit godt høve til å sjå bakover i tid, men det har samstundes også blitt gjort eit stort og viktig arbeid for framtida til Aasentunet i løpet av jubileumsåret. I november vedtok styret eit forprosjekt for ei total fornying av museet.
Dei to andre musea tilknytt stiftinga nådde også viktige mål i 2025. For første gong stod Vinjesenteret for omvisingar i diktarheimen Midtbø, der Tarjei og Halldis Moren Vesaas levde store delar av liva sine. Ved Haugesenteret i Ulvik opna vi eit nytt utstillingsrom, der ein for første gong kan få sjå heile boksamlinga til Olav H. Hauge.
Nynorsk kultursentrum held fram med ein omfattande aktivitet i heile Noreg slik som i åra før, gjennom turnéar og aktivitet for store og små, mellom anna i og for skular og barnehagar. Eit høgdepunkt i dette arbeidet var ny publikumsrekord for det faste turnékonseptet Litteraturhus Møre og Romsdal.
På forskings- og samlingsfronten nådde me òg viktige milepålar. To forskarar blei sertifiserte som førstekonservator NMF i 2025, og Nynorsk kultursentrum publiserte Nasjonal bevaringsplan for privatarkiv knytte til nynorsk skriftkultur, som ein del av oppdraget som nasjonal koordinator for denne arkivsektoren.
Geopolitisk uro og teknologiutvikling med KI og anna digitalisering er avgjerande utfordringar for nynorsk språk og skriftkultur. Difor har Nynorsk kultursentrum auka det internasjonale engasjementet sitt i 2025, med to arrangement i Latvia og medlemskap i den europeiske organisasjonen for språkmangfald, NPLD.
– Styret og leiinga er veldig stolte av arbeidet tilsette og samarbeidspartnarar har gjort i 2025! Det kjennest meiningsfullt å skape møtestader og å forvalte og spreie kunnskap og opplevingar om språkmangfald, kunst og litteratur. Kulturen har kraft til å samle oss i ei uroleg tid, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.
- 1/1
Museumsleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide opna den nye utstillinga om boksamlaren Olav H. Hauge. Boksamlinga til Hauge er på plass i nye bokskåp, og for fyrste gong stiller Haugesenteret ut heile forfattarsamlinga på over 4000 bind. Geir Netland
- 1/1
Olav Vesaas las ei novelle skriven av faren Tarjei Vesaas under opninga av sommarsesongen på Midtbø. Mari Tveiti
- 1/1
Litteraturhus i Møre og Romdal sette ny publikumsrekord i 2025 med 6851 gjester fordelt på 125 gratis arrangement. Tore Renberg var ein av utøvarane som var på turne. Dette er eit fast samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, Bjørnsonfestivalen, Møre og Romsdal fylkeskommune og biblioteka i fylket. Ann Kristin Sørensen