Mange kom til Nynorsk kultursentrum i 2019

Bilete Dei nynorske festspela 2019 konsert Mari Boine
Heile 532 gjestar fekk med seg konserten til Mari Boine under Dei nynorske festspela i 2019. Foto: Humberset Foto

32 062 besøkande gjestar er det tredje høgste gjestetalet sidan 2000 og høgaste besøkstalet Nynorsk kultursentrum har hatt i eit år utan Ulvik poesifestival, som blir arrangert annan kvart år.

Det er spesielt besøkstala til arrangementa og dei fem produksjonane vi har ute på turne med Den kulturelle skulesekken som har merka fleire besøkande. Besøkstalet til utstillingane ved har halde seg svært stabile dei siste åra. Dei som får med seg nokon av dei 38 vandreutstillingane som er ute på turné er ikkje ein del av denne statistikken, men blir rekna med i statistikken der dei blir viste fram, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Litteraturdagane i Vinje hadde ei stor auke i talet på besøkande med meir enn 40% fleire besøkande i 2019 enn under festivalen i 2018. Også Dei nynorske festspela vart godt besøkt i fjor. Konserten med Mari Boine var den som samla mest publikum i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet med 532 gjestar.

– Det er gledeleg at så mange besøkte ein eller fleire av festivalane eller andre av dei totalt 422 arrangementa vi arrangerte i 2019. Vi arbeider stadig for å kunne ha eit aktuelt og attraktivt publikumstilbod for folk i heile landet, avsluttar Finnanger Sandsmark

Nynorsk kultursentrum var ein av dei fem største aktørane i Bokåret 2019 og den einaste med utgangspunkt i det nynorske. Feiringa av den nynorske salmetradisjonen og Elias Blix, konserten No soli bakom blåe fjell i Volda kyrkje med 232 besøkande. Totalt besøkte 5 814 gjestar dei 57 arrangementa som vart haldt i samband med Bokåret 2019.