- 1/1
Frå utstillinga
Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv ei forklaring til Luthers katekisme, dikta den norske fedrelandssongen og den nordnorske nasjonalsongen, og hadde mykje å seie for at Stortinget jamstelte det nye skriftspråket med det ”almindelige Bogsprog” i 1885.
Elias Blix tok mål av seg til å skape salmar til kvar einaste søndag i kyrkjeåret og på denne måten få til ei nynorsk salmebok. I alt skapte han over 200 salmar – 130 eigne, resten gjendiktingar. Mest alle salmane skreiv han til kjende melodiar for at dei skulle vere lette å syngje og lette å hugse. Slik blei han også den første bestseljaren på nynorsk. Då han døydde i 1902, var salmane hans spreidde i over 200 000 eksemplar.
Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.
Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)
Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no
Produsert av
Kurator: Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad
Samarbeidspartnarar: Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)