Hopp til hovudinnhald

Meir enn ei bok

I over hundre år har nynorske biletbøker vore ein del av kvardagen til barn og vaksne; på sengekanten, i sofaen og ved kjøkenbordet, på fjelltur eller i campingvogna. Ei av dei første nynorske ordbøkene, Rim og regler for barn, av Magnhild Haavardsholm og Karen Grude Koht, kom ut i 1923.

  • Eit kvitt telt med illustrasjonar står under nokre fargerike vimplar. Ved sidan av står det ein svat boks med bøker i og over den eit skilt med tekst.
    1/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • fargerike vimplar med tekst og illustrasjonar hengane over eit kvitt telt med eigne illustrasjonar
    2/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • Eit kvitt telt med ei teikning av ei bok forma som ein fugl
    3/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • Eit kvitt telt med mange illustrasjonar ståande inne i eit bibliotek
    4/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • Små lakserosa skilt med tekst hengande på innsida av eit kvitt telt
    5/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • Ein svart boks med bøker i, og eit treskilt forma som ein fugl på framsida. På skiltet står det Meir enn ei bok.
    6/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • Innsida av eit kvitt telt med illustrasjonar. På golvet står det ei gul og ei blå bok på eit gult teppe. På veggen heng det små skilt med tekst på og i taket heng det ein plante.
    7/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum
  • Eit treskilt forma som ein bokforma fugl med teksten Meir enn ei bok på grøn bakgrunn.
    8/8
    Frå utstillinga Meir enn ei bok Nynorsk kultursentrum

Den nynorske biletbokskatten er i dag rik og variert, med alt frå enkle rim og regler til forteljingar om kvardag og fantasiverder.

Med Meir enn ei bok-utstillinga ønskjer vi å skape eit «rom i romet», ei ramme for å synleggjere nynorske biletbøker og ein stad der barn og vaksne kan utforske og oppleve bøkene saman.

Å sitje tett saman og lese ei biletbok er som å reise i lag til ei anna verd. Ei biletbok er ei estetisk oppleving som gir inspirasjon til fantasien og til vidare lesing.

 

Dei fem bøkene som følgjer med i utstillinga er valde ut i samarbeid med barn i Sandnes:

  • Gard er ikkje redd av Brynjulf Jung Tjønn, illustrert av Sunniva Sunde Krogseth (2022)
  • Kåre og Marimba hjelper til av Markus Lantto, illustrert av Camilla Kuhn (2022)
  • Ørn av Martine Grande (2021)
  • Bålet av Trude Tjensvold (2020)
  • Jakob og Neikob og tidsmaskina av Kari Stai (2022)
  • Det runde problemet av Vegard Markhus (2019)

 

Tips til aktivitet og formidling:

Høgtlesing:

  • Bruk kva eller korleis, i staden for ja/nei-spørsmål til barna. Ver nysgjerrig
  • Gje barnet høve til å snakke om eigne tankar og meiningar om teksten
  • Gje tilbakemeldingar som gjev barnet ei kjensle av meistring

Brettebok aktivitet:
Nynorsksenteret har laga utskrivbare brettebøker, blant anna av bøkene Ørn og Det runde problemet: https://nynorsksenteret.no/barneskule/1-4/nynorsk-tekstbank/bretteboker-2

Boktips:
Nynorsksenteret skriv korte skildringar om nynorske bøker til barn og unge: https://nynorskbok.no

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Eignar seg for: Bibliotek, skular, bokhandlar, museum og kulturhus

Praktisk:
1 telt m/ handmåla illustrasjonar
5 nynorske biletbøker
6 rekkjer samtalekort m/ borrelås
1 vimpelrekke
1 plakat med utstillingsinformasjon
1 plakat av utstillingslogo
1 samanleggbar oppbevaringsboks
1 golvteppe
1 lyslenke m/ stikkontakt

Vekt: Om lag 13 kg

Mål: L 80 cm x B 60 cm x H 35 cm

Frakt: Kan sendast som Noregspakke stor

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: kristin.person@nynorsk.no

Produsert av
Kurator: Drifa Gudmundsdottir og Kristin Person
Illustrasjonar: Per Stian Johnsen
Utforming: Kristin Person
Samarbeidspartnarar: Takk til Espen Iversen, Sandnes bibliotek og Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Nynorsksenteret