Hopp til hovudinnhald

Musikken i språket

– Drømmen var å komme seg ut av Odda. Men jeg har ikke kommet meg vekk derfra i det hele tatt, seier Frode Grytten i eit intervju med Klassekampen.

  • Plansje frå utstillinga med teksten VERDA
    Frå utstillinga

Frode Grytten var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2004, og er ein av dei forfattarane i den nynorske skriftkulturen som har nådd lengst ut, både i Noreg og internasjonalt.

Stilsikre noveller er eit kjennemerke ved Grytten. Likevel er det den novellistiske romanen Bikubesong som har gitt han mest merksemd. Grytten fekk Brageprisen for denne boka i 1999, og hausten 2003 blei delar av boka framført som teaterstykke på Det Norske Teatret i Oslo, til svært rosande omtale. I mai 2004 blei stykket sett opp i Odda, heimbygda til Grytten. Resultatet blei ti utselde hus, og ei aukande interesse for forfattarskapen også der.

Grytten sitt forhold til Odda står sentralt i utstillinga. Det er interessant at då han budde i Odda lengta han vekk, og brukte litteratur og musikk som fluktvegar, medan han etter at han flytta til Bergen i svært stor grad nyttar Odda som bakteppe for det han skriv.

Utstillinga legg vekt på dei to viktigaste måtane han drøymde seg vekk frå Odda – musikken og litteraturen.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Produsert av
Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Marit Nergaard, Ottar Grepstad
Samarbeidspartnarar: Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2