Hopp til hovudinnhald

Nasjonale koordineringsoppgåver knytt til privatarkiv om nynorsk

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, har gjennom avtale med Arkivverket eit nasjonalt koordineringsansvar for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur.

  • ein person tek ut ei boks frå ei arkivhylle
    1/1
    Illustrasjonsfoto arkiv. André Hustoft Nesheim

Koordinering og rådgjeving

Som koordinerande institusjon vil Nynorsk kultursentrum arbeide systematisk for at bevaringsverdige privatarkiv i Noreg knytt til målreising, nynorsk skriftkultur og kulturhistorie blir innsamla, ivaretatt og så langt som råd gjort tilgjengelege.

 

Nynorsk kultursentrum har avgrensa magasinplass og skal ikkje sjølve samle inn og oppbevare arkiva utover det som er vedteke i institusjonens eigen samlingsplan, men vere ein koordinerande aktør. I samsvar med avtalen med Arkivverket skal stiftinga sørgje for å koordinere arbeidet med resten av arkivsektoren, særskild dei fylkeskoordinerande institusjonane for regionale og lokale arkiv, Arkivverket og Nasjonalbiblioteket. Gjennom kartlegging, informasjon og rådgjeving vil vi bidra til at denne viktige dokumentasjon blir ivaretatt for ettertida.

 

Ansvarsområdet vårt gjeld privatarkiv, då kommunale arkiv er omfatta av andre bevaringsordningar. Kommunale arkiv er derfor ikkje ein del av dette arbeidet og blir heller ikkje omfatta i vårt koordineringsansvar. Når vi snakkar om arkiv knytt til nynorsk skriftkultur, handlar det ikkje om alle arkiv nynorsk. Arkiva må dokumentere nynorsk i bruk utover å berre vere skrivne på nynorsk, eller dokumentere organisasjonar eller privatpersonar sitt arbeid for og med nynorsk.

 

Som institusjon med tildelt nasjonalt ansvar for privatarkiv, er Nynorsk kultursentrum med i Arkivverkets privatarkivnettverk og Riksarkivarens strategiske råd. Nynorsk kultursentrum òg med i privatarkivnettverket i Møre og Romsdal.

Bevaringsplan

Ein viktig del av dette ansvaret har vore å utarbeide ein nasjonal bevaringsplan for historiske privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur, og følgje opp denne. Planen blei vedteken i 2025 og gjeld for perioden 2025–2029.

 

Formålet med bevaringsplanen for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur er å leggje grunnlaget for ei systematisk bevaring av slike arkiv. Gjennom kartleggingsarbeid og samfunnsanalyse er det gjort ei vurdering på bevaringsvurderingar og dokumentasjonsmål vidare, og konkrete tiltak vi skal jobbe med i planperioden.

 

Her kan du lese «Nasjonal bevaringsplan for privatarkiv knytte til nynorsk skriftkultur 2025–2029». 

Kartlegging

I arbeidet med bevaringsplanen gjorde vi eit kartleggingsarbeid over kva som finst av nynorskarkiv rundt om i landet. Målet med kartlegginga har vore å få eit første overblikk over situasjonen for nynorskarkiv, både når det gjeld kva som er bevart, og kva som ikkje er bevart. I ei kartlegging av denne typen, der vi har jobba for å få eit overblikk nasjonalt, er det ikkje mogleg å fange opp alt – både grunna rammene og grunna metodikken for denne planen. Dette kan du lese meir om i bevaringsplanen.

 

Vi har laga ei oversikt over dei bevarte arkiva vi fanga opp i kartleggingsarbeidet. Det er viktig å understreke at denne oversikta berre inneheld bevarte privatarkiv, altså arkiv som er bevarte hos ein arkivbevarande institusjon. I tillegg til å vere til hjelp i vårt eige arbeid, kan ei slik oversikt vere til nytte for andre for å finne fram til arkivkjelder til forsking, dokumentasjonsarbeid og anna. Vi deler derfor denne oversikta under. Oversikta vil bli jamleg oppdatert, og vi tek gjerne i mot tips til arkiv som ikkje er kome med på lista.

Oversikt nynorskarkiv.

Om bevaring av privatarkiv og ansvarsfordeling
Arkivverket har ansvar for å langtidsbevare, gjere tilgjengeleg og formidle prioriterte privatarkiv. Det regionale bevaringsarbeidet skjer gjennom dei fylkeskoordinerande institusjonane. I tillegg har nokre bevaringsinstitusjonar fått klart definerte nasjonale ansvarsområde, slik som Nynorsk kultursentrum har for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur. 

Oversikt på arkivverket.no over bevaringsinstitusjonar og organisasjonar som har eit landsdekkjande ansvar for å bevare privatarkiv frå bestemte samfunnsområde. 

Oversikt på arkivverket.no over regionale institusjonar og bevaringsplanar. 

Arkivverkets bevaringsplan for privatarkiv