Aleine saman – korona og kulturen

2-meter

2-meterregelen kom som følgje av koronaepidemien og har gjort noko med korleis vi må tenkje, vere overfor kvarandre, omstille oss, vere merksame. Gjere ting annleis.

Omgrepet «2-meter» ber med seg så mykje meir enn det gjorde før. Det blir eit omgrep og ord for historiebøkene, eit ord som kan bli til ein merkelapp på koronatida. Sjølv om 2-meter sidan vart til 1-meter, og samfunnet gradvis vil opne seg att, vil vi nok kjenne på denne 2-meteren i lang tid. Både aleine og saman; som individ og som del av eit samfunn og ein fellesskap.

Kva kan eit dikt med tittelen «2-meter» seie om denne tida? Kan poesien gi oss eit anna blikk? Kan diktet seie noko om medmenneskelege forhold, og om forholda mellom menneske og naturen? Kan poesien setje ord på denne tida, også for ettertida?

Nynorsk kultursentrum utfordra 18 poetar, frå nord til sør, til å skrive eit dikt under tittelen «2-meter». Fotograf Ådne Dyrnesli har portrettert kvart dikt med eit fotografi.