Aleine saman – korona og kulturen

to månader tre generasjonar

ho sit i babysetet i tripptrappstolen
ser på meg med eit eldgamalt blikk
glimt av besteforeldra sine ansiktsuttrykk
fer over ansiktet hennar
besteforeldra har ikkje sett ho på to månader
ikkje sidan ho var nyfødt
dei lever i kroppen hennar
som sterknar dag for dag

besteforeldra høgg tre i skogen
besteforeldra kokar graut til seg sjølve
bestemødrene strikkar små genserar
bestefedrene løyser kryssord
prøver å binde i hop ei meining
besteforeldra går på ski
har lange flater framfor seg
går timevis utan å møte andre

eg gler meg til ungane blir større
seier eg til mor mi når ho ringjer
slik at eg kan gå på ski
men når dei blir større svarar ho
kjem du til å sakne denne tida
tida går så fort når dei er små

kor lenge er det til neste dupp?
spør mannen min og gløttar bort på meg
augo hans er knapt synlege under
den altfor lange panneluggen
eg kan gå ut med ho i bereselen seier han

vi knyter ho
tett inntil oss

telefonen ringjer
det er ei dame frå Gjensidige som
lurer på om eg har orden på forsikringane mine
det har eg ikkje
du treng ei høgare innbuforsikring seier ho
du har ikkje reiseforsikring og ikkje personforsikring
du vil vel forsikre ungane dine seier ho
og kva skjer om mannen din blir ufør?

eg klyppte håret hans
for tre månader sidan
før babyen vart født
det var tungt og godt
å gå rundt han
og småprate
studere han innstendig
eg skulle ha klyppt han på nytt
det tek ein time
men vi har ingen heil time utan
babyen i armane våre

etter fødselen
køyrde vi i ein firehjuling gjennom underjordiske gangar
det var langt frå fødeavdelinga til pasienthotellet
kald luft strøymde mot ansiktet mitt
eg sat framme ved sida av sjåføren ei ung jente
mannen min sat bak med bagen som babyen låg oppi
eg gledde meg til dei neste to dagane
luksusen
at mannen min ikkje skulle gjera noko anna enn
å passe på meg og babyen
hente mat til meg
stelle babyen
bera rundt på ho
seia
så fin du er

vi ommøblerte hotellrommet
gøymde den vesle plastikksenga i ein krok
laga dobbeltsenga trygg
vi hadde fått ein unge før
så vi visste kva vi skulle gjera
babyen skulle få sova oppå oss
hjå mammaen og pappaen sin

ho vart født i mildvêr i februar
nå er det er mai og det har snødd seks dagar på rad
det er nitti prosent sjanse for stor flaum
fortel ein mann på fjernsynet

det er leggetid
seier eg til treåringen
ber ho med meg frå sofaen til badet
vi set oss på krakken
ho strekkjer seg
er akkurat ein meter lang
finn blikket mitt i spegelen
bli vi folk att på nytt? spør ho
om vi blir født på nytt att når vi dør? lurer eg
ja bli vi det?
nokre trur det og nokre trur ikkje det   
ingen veit seier eg
æ vil ikke bli skrukketrøll seier ho på blandingsdialekten sin
ein blir skrukkete når ein blir gamal forklarer eg
æ like ikke skrukkot seier ho
det er kjempelenge til du blir gamal seier eg

jippi jublar ho
før ho spør
når bli vi gamle?
eg blir gamal fyrst
før deg
ååååhhhh
seier ho med trist stemme
æ vil bli gåmål i lag med de

eg pusser tennene hennar

kor lenge bli det te besøk? spør ho
kven er det du har lyst til å ha besøk av? spør eg attende
bestemor svarar ho

Guri Sørumgård Botheim / 2020 

@ Ådne Dyrnesli

Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgår Botheim (f.1978) er forfattar og poet. Diktsamlinga "Heime mellom istidene" kom ut i 2016. Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt. Foto: Benedikte Skarvik