Aleine saman – korona og kulturen

@Ådne Dyrnesli

TO METER

Han var nesten to meter, 
Og han hadde aldri likt denne klemmekulturen
som hadde utvikla seg blant byfolk og lærarar.
Der han kom frå, var det aldri snakk om å
bryte seg inn i andre sin intimsirkel.
Ingen ville våga å gjera vald på denne usynlege,
men naudsynte sirkelen av privat luftrom
som folk treng for å kjenna seg vel
der mange er samla.

Trengsel var trugsel, og innpåslitne
bymenneske som gjorde vald på sirkelen
som han kunne sjå
slik synske ser auraen kring eit menneske,
var noko av det aller verste han visste.

Han måtte i tillegg bøya halve kroppen
ned til dei som strekte ut armane
og ville gje frå seg ein smilande klem.

Ein gjev og ein tek på same tid.
Dei ante ikkje kva dei tok frå han.

Der han kom frå, nikka folk forsiktig frå nakken og opp
dersom dei møtte nokon dei verkeleg
sette pris på å møta. Og den andre forstod.
Og nikka tilbake. Frå nakken og opp.

Å klemma kjærasten var sjølvsagt noko anna.
Det kunne ein gjera når ingen såg på.
Det var både fint og naturleg. 
Særleg om det var mørkt.

Men når heilt framande menneske som
han bare nyleg hadde møtt
fordi dei tilfeldigvis var i same selskap,
brått strekte ut begge armane med eit uforståeleg smil,
og ville få han til å bøya seg ned,
straks selskapet var over og det var tid for farvel,
vart han skrekkslagen
og stivna frå sjela og ut.

I all verda! fór det gjennom heile kroppen hans.
Ein heil kultur av velvaksne menn protesterte
intenst inne i han, frå fotblada og opp til hårrøtene.
Men han klarte å la vera å skubba vedkomande vekk.
Enn sei å skubba henne hardt inn under hattehylla.

Og så
ut av det blå
kom to meters regelen!
Han trudde ikkje sine eigne øyre.
Å, du salige frigjering!
Folk vart bedne frå øvste hald om å oppføra seg skikkeleg.
Han trudde det måtte vera ei nådegåve frå himmelens herskar.

Plutseleg kunne han gå trygt omkring blant klemmarane.
Det var som å ha  kome til eit anstendig land.
Han kunne be folk om å halda avstand,
utan at han vart oppfatta som usosial eller einstøing.
Han var ansvarsbevisst. Tok omsyn.
Han elska setninga som stod på plakaten utanfor butikken:
«Ta vare på kvarandre, men ikkje ta på kvarandre!»

Han vona dette ville vara.
Lenge, lenge.

Helge Torvund / 2020 

Høyr diktet 

Helge Torvund

Helge Torvund (f.1951) er lyrikar, forfattar og kritikar. Torvund debuterte med "Hendene i byen" i 1977. Diktsamlinga "Alt er høy" (2007) var Torvunds 25. diktsamling. Denne nyskapande samlinga vekte stor oppsikt i det litterære Noreg og blei mellom anna kalla eit «litterært jordskjelv». Foto: Morten Brun