Aleine saman – korona og kulturen

@ Ådne Dyrnesli

Spørsmåla gneg i meg

Eg er ute med staven og den grøne
hatten i denne koronatid, driv slik ikring
på dei gyngande myrane mine
med hagla laust i sin stropp
over høgre aksla,

freistar få ro i sjela
men spørsmåla gneg
i meg: Har Rottemannen
gjort jobben sin der heime?
Held han 2 meters avstand
til lærlingen sin?
Har han gått i kjellaren
med fellene?
Sett giftpulver i veggane
i huset?
Er grisefellene ute
på tunet i orden?
Er det 2 meters avstand
mellom Rottemannen
og lærlingen hans?

Slike spørsmål plagar meg
av di landskapet har ei overfølsom hud
med ei gyngande, gamal og tynnsliten
skorpe som eg pirkar på
med staven: eg er ikkje skarp i minnet lenger,
meir og meir usikker på om det var slik
at Rottemannen skulle koma
og gjera den jobben i dag
og no legg tåka seg, det tetnar over
denne jordhuda som òg er mi.

Folk liknar på froskar, slår det meg
her eg går og grunnar og trør forsiktig
i det overfølsomme landskapet
der ikkje eit menneskeliv er innan
overskueleg avstand.
Eg freistar sjå etter rype og hare, hagla
er eg kvikk med om viltet
viser seg, eg nærmar meg
hus no, men eg ser ikkje
klårt lenger. Eg tenkjer at
menneska eg såg skimten av i det gule lyset
innanfor rutene
før tåka la seg tett, liknar på froskar
der dei kopulerer. Dei vyrder ikkje
reglane.

Eg har ervt eit hus.
Det må vernast. Må ikkje
bli tilhaldsstad for rotter
og anna uty. Eg har tinga
Rottemannen forlengst. Men er det til
denne dato her?

Usikkert. Og grisefellene?
Veit ikkje. Kanskje kjem svenske villsvin
over grensa og bryt seg inn
til mine norske purker og svina set i gang
med å parra seg. Om ikkje
grisefellene mine på tunet virkar
som dei skal, kan det koma koronasmitte
med dei svenske villsvina
som kanskje er inne
hjå purkene mine no.

Det er mangt å tenkja pinefullt på
her eg går og freistar sjå, må tenkja
både på rotter og svin
og halda meg unna folk.
Må heim straks og sjekka alt,
setja opp farta
utan å snubla med mi dobbeltløpa hagle
i dette blåe tåkelandet.

Er dei svenske komne, fyrer eg laus, ja
plaffar dei ned.


Knut Ødegård / 2020

Høyr diktet 

• Lese av Endre Ruset 

Knut Ødegård

Knut Ødegård (f.1945) debuterte i 1967 med diktsamlinga "Drøymaren, vandraren og kjelda". Ødegård skriv innafor ei tradisjonell realistisk form med eit klangfullt språk og står bak om lag 30 utgjevingar. I 2020 kom diktboka "Sirkusdirektøren – og andre dikt". Foto: Anna-Julia Granberg