Aleine saman – korona og kulturen

@ Ådne Dyrnesli

Eit utsegn med ein målbar konsekvens

tvinger seg innpå meg som handling

 

dette er min nakne radius

heretter definert, ei iscenesetting

av ei felles oppfatning

 

 

            eg legg meg ned i graset. Straks bøyer det av, for deretter å risse seg opp i ryggflata, skravere huda med sin leikande motstand

 

eg legg meg ned i lyngen. Spinkle greinknutar grev i meg, finn fram til samanhengar gjennom ein avmålt akupunktur. Ei formidling aukar blodet sin intensitet, og breier om seg utslag av varme

 

eg legg meg ned i vassflata. Ei knapt merkbar hinne held meg fram for ljoset. Ho kjenner att kroppen sine lommer av vatn som sine eigne, det same lukka grepet, ein felles avsendar

 

i eit vater av 2 meter

finst ein tilstand å vente i

 

 

            eg står oppreist i ein dørkarm. Mulege transformasjonar festar meg i ein mellomtilstand. Før eller etter, inne eller ute, eg forflyttar meg mellom posisjonar og let dei endre ved mi framtoning. Vurderer retningar som står klare for å opne seg for meg: trådar av historier, banar av slektledd, ringar av erfaringar

 

i eit lodd av 2 meter

finst ei potensiell utveksling

enno ikkje løyst

 

 

i natta sitt allmektige mørke

viser ein kollektiv stjernehimmel fram

celler som fornyar seg

 

nyskapt liv boren fram av draumar

av ukjente faktorar, variablar

og tru

 

 

Margrethe Aas / 2020

Margrethe Aas

Margrete Aas (f.1983) har gitt ut to diktsamlingar; "Vy" (2015) og "Eim" (2017). Aas er særleg interessert i mennesket sine fysiske avtrykk på jorda; byar, bygningar og landskap i endring. Foto: Vigdis Haugtrø