Aleine saman – korona og kulturen

PANDEMISK

 

Eg ville berre gje deg ein klem,

 

ikkje fordi forskning seier at

ein klem kan lindra dødsangst og

få hjernen til å produsera hormon for glede,

ikkje fordi ein klem dempar smerte,

skaper tryggleik, roar nervene,

styrker hjarta,

 

sjølv om det sikkert er sant.

 

Eg ville gje deg ein klem

berre fordi

eg kjenner deg,

fordi du er den du er,

for å dela at

vi er her saman,

 

sjølv om vi er aleine.

 

Ein gong,

det er ikkje så lenge sidan,

sa medisinske ekspertar at ein klem

aukar nivået av antistoff i kroppen

og reduserer risikoen for

infeksjonar.

 

Men det var før,

førcorona,

førpandemisk.

 

No øver vi oss i avstand,

øver oss på å gløyma

klemmane som vi ikkje kan gje,

klemmane som er utanfor

husstanden utanfor

smittevernreglane.

 

Vi pustar inn verda

gjennom flimrande skjermar,

eller munnbind.

Vi seglar omkring i kroppane våre

som om dei var planetar

i verdsrommet.

 

Kan vi finna einannan

i pandemisk distanse,

eller nærleik?

 

Kan vi læra å møtast

og ta avskil

slik det skjer i Japan,

når dei stansar og

bøyer seg sakte

mot kvarandre

på to meters avstand,

og kroppane talar

sitt eige språk:

Eg ser deg.

Du ser meg.

Vi er her saman.

 

Eg prøver å etterlikna

desse vakre rørslene,

men det er ein dans

som er innøvd gjennom

mange hundre år.

Eg treng å øva.

 

Det å finna den rette

avstanden

er det viktigaste

i livet og

i kunsten,

skriv ein estisk poet.

 

Eg bøyer meg

mot deg,

klossete kanskje.

Eg vil berre seia

at eg ser deg,

at vi er her saman.

 

Mens vi ventar

på å gje kvarandre

ein klem.

 

Odveig Klyve / 2020 

 

@ Ådne Dyrnesli

Odveig Klyve

Odveig Klyve (f.1954) skriv om menneskelege erfaringar i eit jordnært og sanseleg poetisk språk. Klyve debuterte som lyrikar med boka "Rift" i 1993 og har sidan gitt ut ni diktsamlingar, åtte barnebøker og ein roman. Foto: Tove Elin Berg