Aleine saman – korona og kulturen

Einar Økland – Tankar og snakk. Der og då - Her og nå

AUGENE KVISKRAR

Paraply på toppen

av flaggstanga?

 

Då er det fest 

for hunden!

HALSTANKAR

Aldri har halsen min kjent

anna enn heilt ny tørst inni seg.

Og heller aldri har halsen min ønskt seg

anna enn heilt nytt vatn.

 

Likevel kjenner eg meg så tung og gammal 

etter at eg har drukke i meg 

ei mengd nytt vatn

ei lang ny stund.

SPIKERSNAKK

Alle spikrane tenkjer eg på.

Alle dei som er der dei skal vere nå.

Alle.

Somme ligg jamsides i spikerpakken.

Somme står banka beint inn i treverket.

Somme blei berre trekte ut att 

straks eller årevis seinare

for å bli kasta vekk som ubrukeleg avfall.

 

Finst det andre spikrar enn desse?

Eg prøver å tenkje også på dei

der dei kanskje er.

Sjølv om staden er ukjend.

 

Sånne spikertankar er ikkje gode

for spikrane.

Berre gode for tanken,

som er glad 

han sjølv held til ein stad 

som er ukjend.

NØTTESNAKK

Når far min er sint

knekker han nøtter

med tennene.

 

Han blir berre endå sintare

viss han knekker tenner

med nøttene.

 

Eg vil ikkje bli sånn som han.

Difor kastar eg heller nøttene 

ut vindauga og ned på gata,

same kor sint han blir då.

 

Det hender vi snakkar om dette,

far min og eg.

Men det blir vi ikkje sinte av.

 

Viss vi høyrer knasing nede på gata 

får vi til og med lyst til å le inni oss,

sjølv om vi ikkje viser det.

SNØKVELDEN

Vi tok oss oppover

heile den bratte 

bakken til toppen

der månen var ventande.

 

Der la vi oss langflate

og skræmde skyene vekk.

 

Lenge etterpå rulla vi oss sidesvis nedover bakken.

Somme reiste seg i farten og rann som vatn på føtene sine

mens andre gjorde ryggen rund og trilla som hjul.

 

Då vi alle var nede,

stod vi berre og svaia og svaia

endå det ikkje var vind.

 

Aldri hadde vi gjort dette før.

og vi gjorde det aldri sidan.

Ingen har nokon gong spurt oss 

om slikt og alltid har vi vore glade

for at det berre blei slik.

JAMSTELLING

Ta av deg solbrillene så ser du

at eg er like lys

under augneloka som du, 

sa den vesle negerguten

nede i Afrika 

i telefonen sin 

til den vesle

samejenta

oppe i Norge.

 

Ja, steike!

ropa samejenta

i telefonen sin.

Men kan du høyre

at eg er like svart

som ein neger 

i røysta?

 

Då blei det i telefonen like 

stilt i Afrika som i Sameland.

BESTEMORSNAKK

Ulla på sauen 

kjem frå graset.

Tråden i nøstet

kjem frå ulla.

Rokken som laga tråden 

kjem frå trea i skogen.

Mønsteret i genseren

kjem frå strikkepinnane mellom fingrane

til ei som kjende snikkaren som laga rokken.

Ho gav han fem kilo kjøt for den.

Det var kjøt som kom frå sauen hennar 

som beit i seg graset og togg det to gonger. 

Og alt dette her berre fordi at 

du som forsvinn 

så varmt inni genseren 

skal ha noko anna enn kulden

å tenkje på der.

FAR FLIRER:

Å aldri bli vinnar

og aldri bli tapar –

det er dét som er tingen.

Då tar ein innersvingen

 

på alt 

konkurransetullet.

Då stikk ein dessutan også av

med det beste gullet.

© Einar Økland (2020)

Bilete av Einar Økland
Einar Økland. Foto: Tove K. Breistein

Einar Andreas Økland (f. 1940) er diktar og essayistisk kulturhistorikar, er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur etter 1945 og skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skrive.

Les meir på: