Aleine saman – korona og kulturen

Demokratitankar frå Narnia

Viss det om femti år kjem ein søskenflokk inn i verda vår, gjennom eit trongt klesskap frå ei anna verd, og møter Mr. Tumnus, kva vil han fortelje dei om vår verd?

Forteljingane om Narnia har alltid fascinert meg djupt. Det ligg så mykje i dette episke universet, om liv og daude, om godt og vondt. Kanskje ligg det òg nokre djupe sanningar om demokrati og menneskerettar skjult i desse historiene? C.S. Lewis skreiv dei berømte tekstane rett etter at andre verdskrigen hadde lagt heile Europa i grus. The Lion, the Witch and the Wardrobe kom ut i 1950. Det er derfor rimeleg at historiene hans også kan ha relevans i ei omskifteleg og uroleg tid som den vi no lever i.

Det startar med den vesle jenta Lucy Pevensie som leikar gøymsel i klesskapet, men som går lenger og lenger inn i skapet og plutseleg oppdagar at ho er utandørs i ei verd fylt av kvit snø og skog. Straks møter ho faunen Mr. Tumnus – med overkropp som ein mann og underkropp som ei geit – som fortel henne at ho er i Narnia. Han fortel òg at Narnia er styrt av ei vond heks ­– Heksa Kvit ­­– som styrer landet med jernhand. Det er ho som har bestemt at det alltid skal vere vinter, men at det aldri blir jul.

Symbolikken med den lange vinteren kunne knapt vore tydelegare eller meir treffande. Narnia var eit diktatur.

Vi har kanskje kjent gufsa frå den lange vinteren her i den verkelege verda òg. Etter årevis med jamn demokratisk framgang i verda har vi dei siste åra sett ei utvikling der autoritære leiarar står fram med sjølvtillit og ambisjonar på vegner av den autoritære styringsmodellen. Til og med i hjartet av Europa har autokratane fått fotfeste, og leiarar som den ungarske statsministeren Viktor Orbán har fått spreie sin idé om det illiberale demokratiet. Det han snakkar om, er eigentleg berre det vi hittil har kalla diktatur. Der despotane og diktatorane fram til dette punktet i historia for det meste konsentrerte seg om å halde si eiga befolkning i sjakk, ser vi no ambisjonar frå desse leiarane om å eksportere styringsmodellen sin. President Xi Jinping i Kina ser for seg at autoritarianismen kan spreie seg på tvers av landegrensene. Skal dei lukkast med å legge verda kvit under seg i ein evig vinter, slik som Heksa Kvit gjer i Narnia?

Koronapandemien har gjort den i utgangspunktet negative demokratiutviklinga endå verre. Fleire av dei autoritære statsleiarane plasserte demokratiet i karantene. Grunngjevinga var omtrent slik: Koronapandemien skapar ei krise som demokrati og maktfordelingsprinsipp vanskeleg kan handtere. Her trengst effektivitet, vart det hevda.

Allereie i vår var kampen om historieforteljinga i gang: Var det demokratia eller dei autoritære statane som var best i å handtere pandemien? Det vart hevda at demokratia var dårlegare i handteringa fordi pandemien fekk friare spelerom i typisk vestlege demokrati som USA, Storbritannia, Italia og andre europeiske land.

Likevel viste eksempla at dei asiatiske demokratia Taiwan, Hong Kong, Sør-Korea og Japan var særs effektive i handteringa av pandemien. Dei var faktisk blant dei mest effektive i verda.

Hovudforskjellen i måten demokratia og diktatura møtte krisa, var slåande: Demokratia kunne berre lene seg på at innbyggarane var ansvarlege, slik vi framleis må vere i den vidare handteringa. Dei autoritære regima måtte derimot krevje at innbyggarane var lydige. Sjansen er òg stor for at dei autoritære regima gjennom mindre openheit og transparens ikkje var like ærlege i talet på smitta og døde som følge av viruset.

Handteringa av viruset er ein viktig test på demokratiet si framtid. Viss ein søskenflokk om femti år skulle forville seg inn i vår verd gjennom eit klesskap, for deretter å møte på Mr. Tumnus, som fortel dei om vår verd, kva vil denne faunen då fortelje?

Det er ingen tvil om kva C.S. Lewis, forfattaren av Narnia, ville sagt. Han sa det så fint sjølv:

«Eg er demokrat fordi eg trur på menneskets fall. Eg trur dei fleste folk er demokratar av motsett grunn. Ein stor del av entusiasmen rundt demokratiet kjem frå ideane til folk som Rousseau, som trudde på demokrati fordi dei trudde menneska var så kloke og gode at alle fortente ein plass i styresmaktene. (…). Menneska er så falne at ikkje noko menneske kan bli vist tilliten med uavgrensa makt over medmenneska sine. Aristoteles sa at nokre menneske berre passar til å vere slavar. Eg skal ikkje motseie han. Men eg avviser slaveriet fordi eg ikkje ser noko menneske som passar til å vere herrefolk.»

Eg trur og håpar vår verds Mr. Tumnus vil vere kledd i shorts, t-skjorte og omkransa av eit lyst og solrikt landskap vil fortelje dei besøkande om femti år: Velkomen til ei fri verd.

 

© Emil André Erstad, kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité

Foto:Hilde Sandvær

Emil André Erstad (f.1991) kjem frå Radøy og har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Erstad har tidlegare vore leiar for KrFU og rådgjevar i tankesmia Agenda. Han har i tillegg hatt ei rekke styreverv m.a. i Noregs Mållag og Det Norske Samlaget. Erstad arbeider no som informasjonssjef i Den norske Helsingforskomité.