Aleine saman – korona og kulturen

Janne Stigen Drangsholt – Når verda tar slutt

Er koronaviruset ei varsla katastrofe, eller ei påminning om at kriser fører til endring og samhandling?

Utopien kom kanskje først, men dystopien følgde like bak. Sjølve ordet er ei samansetning av det greske dus («dårleg») og topos («stad») og står dermed i direkte motsetning til utopien, som viser til eit ideelt samfunn der innbyggarane er frie og lykkelege, og der økonomiske og sosiale problem er utradert. Og mens utopien var ein sjanger som på mange måtar oppsummerte opplysningstida, har dystopien blitt ein stadig viktigare sjanger i ein moderne tidsalder, enten det er snakk om filosofi, litteratur eller kunst. Så viktig er den blitt at i 2017 skreiv journalist Jill Lepore i New Yorker jamvel at vi lever i ein «dystopisk gullalder».

Noko av grunnen er sannsynlegvis at mange opplever verda som ein «dårleg stad». Globalisering gjer at små og store problem kjem tettare på, og gir oss kunnskap om at havet blir fylt med plast, polariseringa veks, den amerikanske middelklassen er i ferd med å forsvinne, og at polane forsvinn. Dette er viktig kunnskap, og det kjennest som vi burde gjort noko. Eit eller anna. Berre at vi ikkje veit kva, utover å resirkulere, bruke kollektivtransport og fly mindre.

Så kjem COVID-19.

Og på mange måtar er det nesten som om den store katastrofen vi har venta på, endeleg er blitt verkeleg. Det er som om konflikt, klimakrise og usemje har vore varsel om ei endetid som nå har begynt. Dette er kjensler som blir ytterlegare forsterka når forfattar Yuval Harari seier at vi vil tenke på koronatida som augeblikket da vi sleppte tak i privatlivet og gav oss over til digital overvaking. Eller når Naomi Alderman må legge bokmanuset til ein dyster framtidsvisjon til sides, fordi det har for store likskapar med verda i dag. Eller når kommentator i The Guardian Syreeta McFadden uttalar at dystopiske forteljingar ikkje lenger viser det vi er redde for, men det vi lever i.

I møte med slike utsegner er det lett å gi etter for desperasjon.
Det er lett å legge seg i fosterstilling i dusjen.
Men det må vi ikkje gjere.
For etter at Alderman hadde lagt vekk bokmanuset sitt, tok ho det fram igjen. For å skrive om korleis ein kan gjere ting på ein annan måte i verkelegheita som kjem etter COVID-19. Dessutan har Margaret Atwood, som ofte blir omtala som «dystopiens profet», sagt at dette er ikkje slutten. Dette er ei krise. Og ei krise er ein ubehageleg situasjon. Det er ein angstframkallande situasjon.
Det er ein slitsam situasjon. Men det er ikkje totalitarianisme. Det er ikkje eit statskontrollert system. Det er ikkje krig. Og det kjem til å gå over.

Det kan fort gå bra. Og det er slett ikkje sikkert at folk flest ventar på ei god unnskyldning til å bli kannibalar. Folk flest har ikkje overlevd kriser ved å drepe kvarandre. Tvert imot har vi overlevd ved å samarbeide og halde fred. La oss gå inn i framtida saman med det i minnet.

©  Janne Stigen Drangsholt 2020 

Foto: Tiden forlag, Tommy Ellingsen

Janne Stigen Drangsholt (f. 1974) er forfattar og professor i engelsk litteratur ved Universitet i Stavanger. Ho debuterte med romanen Humlefangeren i 2011, og har skrive trilogien om Ingrid Winter. Drangsholt står også bak den populære NRK-podkasten Kjente bøker på fire minutter.