Aleine saman – korona og kulturen

Jørn Arne Jørgensen - Korona-askesen

Har koronakrisa gitt oss ein smakebit av asketiske ideal?

Askese verkar som eit allmennmenneskeleg fenomen. I alle religionar og kulturar ser ein det. Askese dreier seg om å nekta seg sanselege gleder og fornøyelsar for i staden å leggja vekt på høgare mål. Det er knytt til kroppsleg reinsing og sjølvvald isolasjon. I hinduismen og buddhismen står askese sentralt, men òg i kristendommen har det stått sterkt. Men protestantismens vending mot dagleglivet gjorde at ein avvikla munkevesenet og dermed den institusjonaliserte askesen. Likevel, som sosiologen Max Weber argumenterte for i klassikaren Protestantismens etikk og kapitalismens ånd, har ideala levd vidare i ein slags «indre askese» i dagleglivet – i nøysemd, pliktkjensle og arbeidsetikk. Tenk puritanisme og pietisme.

Ein gong hadde eg med meg no avdøde pater og dominikanarmunk Arnfinn Haram på skulen der eg arbeider. Han snakka om kor frigjerande livet som munk var. Men elevane forstod det ikkje i det heile tatt. Det var jo ikkje fridom, men tvang! Han kunne ikkje eiga ting, ikkje ha sex, ikkje stifta familie, han stod opp og bad til faste tider. Og så bort etter. Korleis kunne ein vera fri under så mange reglar? Men det er nettopp det som er paradokset med askese: Gjennom sjølvpålagde grenser og sjølvdisiplin blir ein friare.

Askese er gymnastikk for viljen, skreiv Nietzsche, og viljestyrke er ein føresetnad for fridom. Korleis kan ein kalla seg fri om ein ligg under for alle slags impulsar og freistingar? Her er det to ulike fridomsomgrep ute og går: Elevane meinte nok at fridom er å gjera det dei «vil» (truleg: fylgja impulsar som dukkar opp), Haram meinte fridom er å ikkje vera underlagd slike impulsar. Askese handlar om å utvikla ei slags indre myndigheit.

Sjølv om Noreg lenge har vore prega av pietistiske, asketiske og nøysame ideal, har askese fått ein dårleg klang i dag. Det å «kosa seg», «unna seg noko godt», nyta sex og det livet har å by på, er det nærmaste ein kjem ei livsmeining for mange. Men den danske professoren i pedagogikk Ove Korsgaard skreiv i Politiken i fjor (21.7.) at det er mykje som tyder på ei fornya interesse for askese i vår tid. Stadig fleire ønsker å eta mindre kjøt, flyga mindre, kjøpa og bruka mindre. Dei hippaste folka i dei hippaste bydelane i storbyane et direkte «asketisk» mat – vegetarisk, sunn og berekraftig. Og den aukande interessa for yoga og meditasjon, dei sentrale asketiske praksisane i dei austlege regionane, er òg teikn på at noko har vore i emning.

Så – plutseleg kom koronaen. Heile samfunnet blei tvinga inn i nedstenging. Me måtte setja tydelege grenser for livsutfaldinga, me isolerte oss, me reinsa oss jamleg med nøye handvask og Antibac. Me vandra i skog og fjell, det blei ei greie å sova under open himmel i hengekøye, som ein annan indisk einebuar. Ei tid for refleksjon og ettertanke, me mintest døden og kor sårbare me er. Me blei alle meir eller mindre asketiske.

Ein skal ikkje stikka under stolen at nedstenginga kunne ha motsett effekt. Det var lett å mista litt sjølvdisiplin i dei monotone dagane. Korona-kilo la seg rundt livet i takt med sofasitjing, seriebinging, godteri og potetgull. Men dette dreier seg jo om det same problemet, berre med motsett forteikn. Mange av oss skjøna at om ein ikkje praktiserte ein viss sjølvkontroll – askese –, gjekk det ikkje så bra.

Askese har ofte fungert som ei undergraving av gjeldande samfunnsideal. Å melda seg ut av racet. Dei første kristne representerte ved sin askese ei undergraving av ideala i romarriket. Buddha og dei tidlege asketane i hinduismen og buddhismen utfordra den prestestyrte brahmin-religionen. Med det prinsippfaste levesettet sitt tvinga dei det indiske samfunnet til å endra seg, og heilt fram til i dag har askesen og vegetarianismen deira vore viktige ideal. I vårt samfunn i dag ser mange på veganarane på same måten – som ein livsstil som undergrev det «me» står for.

Ofte er askese knytt til nedvurdering av kroppen og til å ta avstand frå denne verda, men slett ikkje alltid. Pietistane arbeidde hardt og fekk gjennomslag for ei rekkje reformer i samfunnet, mellom anna omsorg for fattige og kamp for utdanning og opplysning. Og i dagens yogatradisjonar er det slett inga nedvurdering av kroppen – tvert om er målet ein perfekt og sunn kropp. Også dei som vel å bli vegetarianarar, gjer det med tanke på verda, på eigenverdet til dyra.

I våre dagar kan me dessutan sjå eit nytt, opplagt motiv for ein meir asketisk livsførsel: framtida for kloden vår.

© Jørg Arne Jørgensen, lektor og cand.philol. i religionsvitskap

Foto: Johannes Holzhauer

Jørg Arne Jørgensen (f. 1969) er cand.philol. i relegionsvitskap.

Han har tidlegare arbeidd som universitetslektor ved Universitetet i Stavanger og underviser no ved Steinerskolen i Stavanger. Jørgensen er lærebokforfattar, er ein engasjert samfunnsdebattant og fast skribent i Stavanger Aftenblad.