Aleine saman – korona og kulturen

Odd Nordstoga — Eit nikk og eit smil

Eit nikk og eit smil

Eit nikk og eit smil,
det er alt som skal til

Eit nikk og eit smil til ein storebror
eller syster i puberteten
Det ser ikkje ut som det virkar stort
men smilet er smilt, og gjort er gjort
Snart går dei vel ut, både han og ho
og smiler og nikkar gjer begge to

Og storesysken dei vener har
så grueleg vidt ikring
Dei bussar og trikkar i sud og nord
til trening i fotball og song i kor
Og nikket og smilet det fylgjer med
og den som blir smitta, den smittar tre

Snart ser ein på TV ein stortingsmann
som tydelegvis har fått det,
og sjuhundrogfemtitusen mann
sjåarar rundt om i Noregs land,
dei sit med potetgull og brus og te
og plutseleg så må dei alle le

Og no er det ute av all kontroll
og fylgjer med fly og båtar
Smitten den går over sjø og land,
frå inste dal til ytste strand,
frå flyktningeleirar til kongehus,
så går det eit smilande gledes-sus

Og forskarar sit rundt i alle land
Dei reknar og riv seg i håret
for ingen ser ut til å heilt forstå
korleis det smittar. Kor kjem det frå?
Til slutt skit dei i det, for ingen trur
at dette er noko som treng ein kur –

Eit nikk og eit smil
Det er alt som skal til

© Odd Nordstoga (2020)

Bilete av Odd Nordstoga
Odd Nordstoga. Foto: Lasse Fløde

Odd Nordstoga (f. 1972) er artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med Kveldssong (for deg og meg)vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist.

Les meir på: