Nynorsk.no / Nettutstillingar / Aleine saman — Korona og kulturen / Tore Renberg
Så kom dei stille daganehamrande ned over ossVi såg på kvarandre
sjenerte igjenfine igjenredde igjen
Dei stille dagane var vondeog venepå ei og same tid
Eg kjende jubeldepresjon, melankoli, kåtskapEg spurde:
Kva tid kjem ungane frå Moria?
Eg sa:Legg deg på magenEg vil sjå deg
Dei stille dagane kledde oss nakne og som så mange gonger før
gløymde vi støyen skuldingane, raseriet, mistruafrontane som kjem etterpå
Når vi menneske er ferdige med å halde fast i kvarandre
© Tore Renberg (2020)
Tore Renberg (f. 1972) er ein allsidig og populær forfattar frå Stavanger. Han er best kjend for romanane om Jarle Klepp, men skriv òg barnebøker, skodespel og filmmanus. Dessutan er han låtskrivar og popartist.
Les meir på: