I samband med opninga av Vinjesenteret for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi. I teksten nedanfor tek Øyvind Strømmen fatt på temaet.

Bilete av Øyvind Strømmen
Øyvind Strømmen. Foto: Odd Mehus

Byen med dei to åsane

Alida stogga midt på brua, litt fordi ho var andpusten, litt fordi det var vanskeleg å ikkje verta gripen av utsikta. Fulandel var kanskje ein underleg by, men den var vakker.

Midt gjennom byen rann elva Nigricapo, med sitt merkeleg mørke vatn. Vel, så merkeleg var det jo eigentleg ikkje, hadde Alida lært. Lenger nord, oppe i høglandet, der Nigricapo ikkje var stort meir enn ein stor bekk, rann denne gjennom eit fuktig myrlandskap. Det var rotnande plantar i dette myrlandskapet som gav elvevatnet utsjånaden til svart té.

På vestsida av elva – hennar side – var det laga til ei promenade langs elva. Langs promenaden stod blodbøk med koperfarga blad. Bakanfor låg bygningar i stein; solide, ordentlege, utan unødvendig pynt. Ikkje langt unna gjekk ei brei gate opp mot Tårnåsen.

Alida vende litt på hovudet og såg mot det store, gamle murbygget øvst på åsen, og mot det imponerande observasjonstårnet som strakte seg oppover, høgt over byen, med vindauge forma som stjerner og månar. Ho gleda seg til ho også skulle få klatra opp trappene til dette tårnet, til også ho skulle få studera stjernehimmelen gjennom den veldige kikkerten Akademiet hadde fått installert der.

Etter å ha runne gjennom Fulandel heldt Nigricapo fram reisa si sørover, mot havet. Ho gjekk gjennom slettelandet, der ho fekk påfyll frå andre elver. Ho rann gjennom fleire store byar. Til sist, ute ved kysten, rann ho jamvel forbi kongen sitt palass. Men ingen stader rann Nigricapo forbi ein lærestad med liknande ry som Akademiet i Fulandel. Mange foreldre drøymde om å senda minst eitt av borna sine til denne høgskulen, for med ei utdanning derfrå, var ein nesten sikra ei framifrå karriere, anten det var innan vitskap, som ingeniør, som funksjonær i byråkratiet eller som diplomat.

«Kunnskapens kjelde» stod det over dei store, tunge dørene til Akademiet sitt store bibliotek, og Alida visste jo at det var sant. Kor mange gongar hadde ho ikkje gått mellom hyllene der, med ei blanding av nyfikne og ærefrykt, og sett på dei mange lærinnbundne bøkene: studiar av dyre- og planteliv i både kongeriket sjølv og nabolanda; bøker om kjemi og fysikk; tjukke verk i fleire bind om stjernehimmelen; lærebøker i ortografi og grammatikk for fleire titals språk; bøker om bygging av bruer og om konstruksjon av gruver.

«Rikdomen du får i Fulandel, kan ingen røvar ta frå deg», heitte det i eit ordtak.

Alida sukka lett, og vende blikket mot austsida av elva. Den andre sida. Den sida stjernekikkarane i observasjonstårnet bokstaveleg talt oversåg, men som utvilsamt bidrog til at Fulandel var både vakker og underleg. Der var det eit kaos av byggverk; nokre i stein, nokre i ulike typar treverk. Husa var i alle regnbogen sine fargar – sju, tenkte Alida – og ofte hadde dei uventa vinklar, rare bogar, rare tilbygg som ikkje såg ut til å passa heilt.

På austsida av elva var det få beine gater, og ein kunne sikkert ta hundre ulike vegar opp til Roseåsen, gjennom smale smug, opp trange trapper, over ørsmå torg, forbi statuer som ikkje såg ut til å førestilla noko som helst. Der oppe på åsen låg det ein bygning som såg ut som eit eventyrslott med kvitmalte tårn og høge kuplar. Det var kjend som Seminaret.

Også dit kom det studentar frå heile landet, sjølv om foreldra deira ikkje alltid var like begeistra for det. Også der låg det eit veldig bibliotek, visste Alida, men det biblioteket var ikkje fylt med lærebøker, men snarare med eventyr og ville legender, og soger som det ikkje fantest fnugg av vitskapleg prov for, med teaterstykker og poesi.

Og dei som studerte der vart ikkje ingeniørar eller vitskapsfolk eller diplomatar, dei vart kunstnarar og diktarar og omstreifande underhaldarar. Eller «døgeniktar og dilettantar» som Alida sin mentor på Akademiet gjerne sa, medan han rynka på nasa.

Fulandel var ein delt by.

Og no var Alida på veg over brua.

Sjølvsagt var det på grunn av ein gut.

 —

Dei hadde møtt kvarandre, fyrste gongen, på midtvintersmarknaden i Fulandel, ei av dei få hendingane som samla folk frå båe sider av elva. Alida hadde site i ei samtale med nokre medstudentar, med varm sjokolade i kruset framfor seg, då ho brått fekk auge på ein gut ved nabobordet.

Han var kledd i ein raud kjortel, og hadde langt, mørkt hår som bølga seg heilt ned på skuldrene. Når ho kasta eit blikk i hans retning for andre gong, kika han brått attende, med varme, brune auge. Han smilte til henne. Ho smilte til han. Og litt seinare, når dei båe stod i kø framfor ei salsbod, hadde han visst teke motet til seg, presentert seg som Jonatan, og spurt henne om ho ville spasera langs promenaden saman med han.

Sidan hadde dei truffe kvarandre fleire gongar, helst på hans side av elva, for der var det færre skrå blikk.

Han hadde vist henne rundt i den delen av Fulandel ho aldri tidlegare hadde utforska. Ho hadde snakka nervøst i veg om stjernehimmelen, om fauna og flora, og om framande språk. Han hadde ledd og deklarert dikt.

Ho hadde erta han litt, ikkje minst når ho oppdaga initialane til ein kjent ingeniør, utdanna på Akademiet sjølvsagt, hogge inn i grunnmuren til eit av dei mest imponerande byggverka på austsida av elva. «Sjå der, ja», hadde ho sagt, «de treng ingeniørane våre, de også, for å unngå at kråkeslotta dykkar raser saman».

Han hadde smilt. Forsiktig. Litt lurt.

«Der er du jo», sa ei stemme bak Alida. «Eg trudde ikkje de akademikarar hadde tid til å sjå på utsikten».

Ho snudde seg, alt med dei kjende sommarfuglane i magen, og såg Jonatan sitt breie smil. «Eller driv du kanskje med vitskaplege observasjonar?»

Ho slo leikent etter han med handa. Han dukka unna. «Kom», sa han. «Eg har noko eg vil visa deg.»

Så sprang dei av garde, han før og ho etter, gjennom smale smug og opp trange trapper, over ørsmå torg og forbi statuer som stadig ikkje såg ut til å førestilla noko som helst, heilt til dei kom fram til inngangsdøra til Seminaret sitt bibliotek.

«Kom», sa Jonatan. «Inn her», og før ho visste ordet av det hadde han dradd henne inn gjennom døra, og forbi hyllemeter eller hyllemeter med bøker som verka å vera alt for dårleg organisert. Så stogga han brått.

«Her!». Han trakk ut ein kasse frå den nedste hylla, full av gulna papirrullar. Han rulla ut den eine, som viste teikningar av ei statue av eit rart okseliknande vesen som Alida aldri hadde sett i noko lærebok.

«Hmm… nei», sa Jonatan, og plukka opp ein annan papirrull. Han rulla den ut. Alida titta over skuldra hans, og såg to teikningar av observasjonstårnet til Akademiet: den eine synte tårnet med ordinære, firkanta vindauge; den andre med dei måne- og stjerneforma vindauge ho så mange gongar hadde sett opp mot, med lengsel. Under teikningane var det ein imponerande signatur, eit lite kunstverk i seg sjølv. Ambrosius Tykor, stod det.

«Veit du kven han var», spurte Jonatan.

Alida nølte, helst litt flau over at ho ikkje kjende namnet.

«Nei..?»

«Han var ein av grunnleggjarane av Seminaret, og det var han som teikna observasjonstårnet dykkar. Der ser du, sjølv ingeniørane som grunnla Akademiet trong hjelp til å sjå for seg det som ikkje fantest».

Han smilte igjen. Ho møtte blikket hans. Det kjendest nesten som om ho fall inn i dei brune augene som såg mot henne. «Eg skal ikkje nekta for det», sa han, «de forstår meir av verda enn oss».

«Men me elskar henne meir», la han til.

Og så kyssa han henne.