Ei nettutstilling om Ivar Aasen og jakta på eit språk
Ivar Aasen er kjent for mange for dei lange reisene han tok for å samla inn dialektene rundt om i Noreg. Men kvar reiste han eigentleg, og kva såg han i løpet av alle desse åra og mila?
I denne utstillinga kan ein oppleve reisene Aasen tok. Du får òg møte utvalde personar Aasen ville kunne møtt på om han reiste rundt i dag. I tillegg får du høyre dialektene deira, slik at du òg kan gjere ditt eige mini-språkstudium.
Klar for å bli med på reise? Trykk på knappen under for å starte reisa di!