Mitt språk – min song: Daniel Kvammen

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Andremann i rekka er den følsame hallingen Daniel Kvammen. Songen han har skrive er fyrste smakebit frå den nye plata han slepper i oktober. Me fortener ein som han.

«Nokon gonger fanger ein små vakre augeblikk i havet av tid. Smaken av kaffe på morgonen. Sola som bryt gjennom skyene. Vinden som river i kroppen. Pusten som hiv etter joggetur.  Det å væra låtskriver trur eg er å jakte slik augeblikk. Fange ein bestemt følelse med musikk.  Det er i alle fall slik det skal fungere på sitt beste.  Men så finnes det så mange eventualiteter. Så mange måter gjøre det på. Og ikkje minst så mange måter å feile på.  
 
Personlig føler eg meg som ein ærlig artist. Ein som ikkje lar seg kue av andres ideer. At det einaste eg kan gjøre er å formidle kaoset i skallen og jordskredet i hjartet. La lyset skinne gjennom. Og la det stå til.  Men innimellom blir eg redd for at eg speler skuespill. Ikkje ovanfor den som høyrer på musikken, eller du som leser dette. Men for meg sjølv. At eg vil væra nokon andre enn den eg er. Og at eg skal bli uærlig i kunsten. Det verste mogleg scenarioet.
 
Baklengs inn i framtida er spelt inn live kl. 03.00 på natta. Den kom og gikk. Fort. Eit vakkert lite augeblikk i eit studio, på randen av havgapet, med småbrisne musikere, og ikkje minst ein småbrisne artist. Kanskje er den eit oppgjør med det augebliket som fenomen. Og det å være ærlig med seg sjølv.
 
Ein tekst om å hengi seg til det ukjente livet. Framtida usynlig seier dei i eit kinesisk ordspråk. Derfor er den bak din rygg. Ikkje foran deg. Me går alle baklengs inn framtida. Slik sett er det kanskje passande at den er spelt inn live i skumringa. Mens eg og mine verken visste opp eller ned på verden.»
 
Den nye plata til Kvammen, titulert «Guta som gret» er ute 8. oktober.

Baklengs inn i framtida

I dag så skal eg lokke augene heilt opp 
Ikkje lure meg sjølv
ikkje ha det så trått
og eg skal væra den eg har tenkt på å bli i så alt for lang
I så alt for lang tid
 
For det finns så mange eventualitetar 
det finns så mykje som ein aldri får veta 
men eg lar lyset skinne gjennom meg 
som om den siste dagen var den første
 
Og i dag så gir eg aldri heilt opp
nei eg skal kjempe så hardt med både skalle og kropp 
Og over vinden kan eg kjenne at det stig
det skal komma noko stort det skal komma mi tid
 
For det finns så mange eventualitetar 
det finns så mykje som ein aldri får veta 
men eg lar lyset skinne gjennom meg 
som om den siste dagen var den første