Mitt språk – min song: Moddi

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Først ute er den uredde visesongaren Pål Moddi Knutsen, som er spesielt kjend for vakre og melankolske songar som «Togsang» og «Nordnorsk julesalme».

«Eg trur Savne deg er den mest personlege songen eg har skrive til no. Songen handlar om
to som har grodd for tett med tida – to som begge treng avstand, der berre ein av dei torer
å seie det høgt. Eg har sjølv vore begge – både den som skubbar ifrå, og den som held
desperat fast. Det er eit spørsmål eg trur dukkar opp i dei fleste forhold: Kven er vi eigentleg
utan kvarandre?

For meg er denne teksten veldig relevant akkurat no. Om litt legg eg ut på pilegrimsvandring
frå Oslo til Trondheim, og legg frå meg mobilen heime. Eg skal vere heilt åleine og i mi eiga
boble i fleire veker, for første gong på mange år. Sjølv om eg gruer meg, gleder eg meg òg.
Eg veit at det bur ein masse fint i meg som ventar på å få kome ut – og at det einaste det
treng, er rom til å puste i.

Når eg skriv songar, starter eg oftast med melodien. Akkurat denne gongen kom tekst og
melodi nøyaktig samstundes, idet eg fekk høyre orda «eg treng å sakne deg» frå ei eg ikkje
torde tanken på å vere borte frå. Men det var nøyaktig avstand eg trong. Eg berre klarte ikkje
å sjå det sjølv.

Etter fire album på engelsk og tonnevis av konsertar i utlandet har eg teke meir til norsk dei
siste åra. Det er godt å kunne uttrykkje seg på sitt eige målføre, og dialekta mi frå yttersida
av Senja er full av fine ord og lydar – men tilsvarande vanskeleg når det gjeld rimord, så ofte
er det eit strevsamt arbeid som må til for å få alt til å passe i hop. Likevel, når det til slutt
klaffar og orda går opp, er det ingen ting som er så godt som å kunne syngje med si eiga
røyst.

Sjølv er eg altetande på språkfronten: Eg skriv nynorsk med kjærasten (ho svarar på dialekt),
dialekt med onkelungane mine, har skrive bok på bokmål og masteroppgåve på engelsk. Eg
har sunge eigne songar på dialekt, bokmål på grensa til gamaldansk når eg toneset Rudolf
Nilsen sine udødelege dikt, og på kav nynorsk i «Det stig av hav eit oljeland». I tillegg pratar
eg høveleg bra tysk, og eg har omsett songar frå spansk, hebraisk og vietnamesisk – som eg
ikkje pratar i det heile teke. For meg er det eit udelt gode å kunne bevege seg på tvers av
språk og målformer og late seg inspirere frå alle kantar.

«Savne deg» er kanskje ein atypisk låt frå mi side, i alle fall no. Dei siste åra har det handla
mykje om politikk, aktivisme og andre sine historier. Denne teksten er skriven med
magekjensla som einaste sensor. Eg trur vi treng den typen songar, òg.»

Savne deg
Eg treng å kunne savne deg iblant,
og kjenne på at det vi har e ekte.
At det vi sa fremdeles kjennest sant.
At du e med meg sjølv når eg e vekk.

Eg treng å kunne vite det
at vi berre kan vere,
at sjølv på avstand held vi oss
fremdeles like nære.

Hvis eg skal vere din og fortsatt meg,
så må eg kunne savne deg.

Eg treng å kunne savne deg iblant,
og vite at eg klare meg åleina.
At eg sku greidd meg sjølv om du forsvant,
og vite at du berge deg, du òg.

Eg treng å kunne gjere feil,
gå mine eiga veia,
og gå på trynet gong på gong
og røyse meg åleina.

Hvis eg skal kunne vite kem eg e,
så må eg …

Eg må få gløyme tid og rom og reise langt avsted,
og slå mobilen av og berre gje faen.
Og en dag ska eg komme heim
med skrubbsår og tatoveringe og sei
at eg har savna deg.

«Eg treng å kunne savne deg», sa han
og tvang et tappert smil igjennom skjermen
før internettet braut og han forsvann
og endelig så va dem begge fri.