Ei eiga salmebok

Byrjinga til den nynorske salmeomsetjinga, ikkje berre den originale salmediktinga på nynorsk, kan vi vel gje Elias Blix æra for.


Tekst
ARVE BRUNVOLL

Nynorsk salmebok

Ved revisjonen av Landstads salmebok på 20-talet vona målfolket å få ei sams salmebok som gav monaleg rom for landsmålssalmane. At ikkje dette lét seg gjere, er bakgrunnen for Nynorsk salmebok 1925. Ei eiga salmebok laut verte til, tida var ikkje mogen for noko anna. Det norske samlaget gav i feb. 1920 tre personar i oppdrag å lage ei slik salmebok. Dei var: Bernt Støylen, biskop i Agder, tidlegare sjømannsprest i Cardiff og styrar av lærarskulen på Notodden, Anders Hovden, diktarpresten, og Peter Hognestad, styrar av lærarskulen på Notodden, lærar i GT på Menighetsfakultetet frå 1908, biskop i Bergen frå 1916. Støylen og Hovden var sjølve salmediktarar og omsetjarar. Hognestad hadde omsett nokre få salmar, men hans store forteneste var at han sluttførde og utgav Blix» salmebok og omsetjinga av dei bibelske salmane på nynorsk (1904) og stod sentralt i omsetjinga og utgjevinga av Tekstbok og altarbok for den norske kyrkja (1908) og Bibelen på nynorsk (1921).

Biskop Kaare Støylen fortel forvitneleg om arbeidet med salmeboka i ein artikkel i En ny sang for Herren, ei studiebok utgjeven i samband med framlegget til ny salmebok i 1981. Kaare Støylen var unggut heime i bispegarden i Kristiansand, der dei fleste nemndmøta vart haldne. Mellom møta gjekk framlegga att og fram mellom dei tre. Dei stod kvarandre nær, men var elles ulike. Støylen fortel:

Eg minnest Hovden ein dag under arbeidet. Han treiv opp døra frå kontoret og kom inn i stova som eit uver: “Eg må ha luft,” sa han, “held det ikkje ut. Denne grammatikken hans Peter går meg på nervane laus. Han Bernt, han driv no på og skal jamna det ut. Eg må ha luft!” Og med det fór han på dør. Og kom attende etter ei lita stund, tok opp arbeidet att og var i godlag som før. Hovden har skrive om samarbeidet at dei var så godt kjende at det gjorde ikkje noko med slike episodar. Han skreiv i 1921: “Hognestad er klok og kald. Støylen er klok og varm, og eg er vel berre varm.” Det høver godt til det som her er fortalt. Men då arbeidet var ferdig, etter fem år, skreiv Hovden noko anna og meir som høver betre til å karakterisera samarbeidet: Me tre høvde så godt saman, me arbeidde med stor hugnad, og arbeidet gjekk greidt. Hognestad hev ikkje dikta salmar, men var likevel til den største hjelp. Eg som meinte han var “kaldklok”, fekk anna røyna. Denne hugfaste, støde og viljesterke mannen hev eld i bringa, ein rik hjartevarme…” (En ny sang, 128)

Det er kanskje rett å seie at Hovden var kjenslemennesket. Han var kanskje den største poeten. Mindre nøye med formene, om vi skal tru hans sjølv. Stundom dikta han kanskje også for lett.

Hognestad var finsmeden, som heldt på det korrekte. Alt måtte godkjennast av han, seier Kaare Støylen. Men samstundes har han “eld i bringa” og har gjeve oss omsetjingar som har halde seg og vil halde seg.

Støylen var kanskje den mest internasjonale, om vi skal bruke eit litt moderne uttrykk. Tida som sjømannsprest i Cardiff sette han i kontakt med den engelsktalande verda. Hans lærdom var vid, det såg av biblioteket hans i bispegarden i Oslo hjå sonen (eg fekk velje frå det og har nokon bøker med Støylen sin signatur). Han sette om frå latin og engelsk, i tillegg til islandsk. Han er formmeisteren, idealet av ein salmeomsetjar, tenkjer eg. Kaare Støylen seier det eg også tenkjer: “Om Støylen har skrive nokre salmar som truleg vil leva, er det som omsetjar og utgjevar han har gjort største gjerninga si for norsk salmesong.” (En ny sang, 135)

Attende til vårt tema: Det var klårt at dei nye salmane ikkje kunne gje ei heil salmebok. Jamvel om det var dikta ein heil del etter Blix, var ikkje tilfanget omfatande nok, særleg av di det endå låg på dei eit krav om å ha eigne salmar til kvar sun- og helgedag i kyrkjeåret (eit krav som fyrst vart lagt bort med Norsk salmebok (NoS) 1985). Og så var det aksepteringa av at dei kjende salmane måtte med. Altså måtte omsetjingane få eit heller stort rom. Frå Blix låg det føre eit stort materiale av omsette salmar. Men frå nemndmedlemene sjølve måtte det kome, og kom det, eit stort bidrag, særleg frå Støylen og Hovden, i tillegg til at andre òg hadde omsett salmar. For å nemne eit par kjende namn: Johannes Barstad og Matias Skard. Og for å syne omfanget av omsetjingsarbeidet åt dei “store”: Blix hadde 74, Hovden 81, Støylen 135, og for å nemne den tredje, Hognestad hadde 8 omsetjingar.

Teksten er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016. Tilrettelagt for nett av Olav H. Hauge-senteret 23.9.2016.

Anders Hovden