5 dikt

Før ho kyssar meg  

Ryggen hennar
er så glatt  

eg stryk handa over
og tenkjer på rullesteinar  

som ikkje har vore
i kontakt  

med anna
enn bølgjer 

  

Brev frå mor (etter ut av skapet-brev)  

Fortel om alt
som er feil med deg

og la meg elske deg
likevel  

 

Ikkje til å tru (gay confession)  

Ho
som aldri  

skulle bli til
noko  

blei
elska  

  

Til Kim Friele  

Du forsvinn ikkje
du lever vidare i det grøne  

lauvet skjelv
når du ler  

 

Skeivt blikk 

Du. 

Tenk på alt
som får plass  

i det ordet.

Bilete av Linda Klakken
Linda Klakken. Foto: Samlaget

Linda Klakken er barnebokforfattar og lyrikar, og har mellom anna gitt ut barneboka Dumme, dumme hjarte (2017) og Det fins et rom i meg som står tomt (2018).