Kjønn og seksualitet i leksikon: Å skrive det flyktige og ulydige inn blant definisjonane.

Dei siste tre åra har eg skrive leksikonartiklar om homorørsle, kjønnsforsking og kjønnsidentitet i Store norske leksikon. Oppgåva mi er å sørge for at det norskspråklege publikum har tilgang til oppdatert kunnskap om alt frå pionerar som Kim Friele til omgrep frå kjønnsforsking om kva trans og ikkje-binære kjønnsidentitetar er. Idealet og rettesnora for ein bladfyk i leksikon er å skrive kort, fyndig og presist. Her er det lite plass til lange setningar og språkleg krimskrams; sanninga skal skrivast fram på eit vis som er forståeleg for alle på jakt etter kunnskap. Nøktern og objektiv kunnskap om omstridde tema skal få plass, som eit korrektiv til kjensleladd og unyansert skitnetøyvask i den offentlege debatten. Eg liker å tenke på det som eit frigjeringsprosjekt; leksikonet gjer det mogleg å formidle nye perspektiv på tema som mange veit lite om.   

Men historisk har leksikonet med alle sine definisjonar vore ein ambivalent kjelde til kunnskap for folk som har falle utanfor det heteronormative. Psykolog og homoaktivist Vigdis Bunkholdt har til dømes fortald at då ho var ungdom på 1940-talet så slo ho opp på bokstaven h i leksikonet for å lese om homoseksualitet.[i] Ordet kunne beskrive kven ho var; ho forstod at det var andre som hadde dei same kjenslene som henne – ho var ikkje aleine. Men sjølv om Bunkholdt og andre skeive fekk eit namn på kjenslene sine så hadde ikkje leksikonet eit særleg vakkert spegelbilete å tilby. Den homoseksuelle vart mellom anna beskrive som ein pervers og avvikande person med ei naturstridig tilbøyelegheit.[ii]   

Og nettopp ideen om det naturlege er eit stikkord i denne samanhengen. Leksikonet er eit produkt av opplysningsprosjektet på 1700-talet. Ideen om at mennesket hadde sin eigen natur og rettigheitar til å utvikle seg vart fødd på denne tida.[iii] Verda skulle forbetrast og sanninga om menneskets natur skrivast ned på ein objektivt måte, fri for gamal overtru. Folket skulle opplysast – eit fullt ut ideelt prosjekt, hadde det ikkje berre vore for at opplysningstenkjarane hadde trua på at dei som ikkje følgde ei naturleg utvikling kunne la seg korrigere. Denne systematiske klassifiseringa av kunnskap breidde dermed grunnen for nye og undertrykkande kunnskapsregimar.  

Eit av desse kunnskapsregimane var opplysningstenkjaranes idé om at det finns berre to kjønn, og at desse to kategoriane viser til fundamentale forskjellar i grunnleggande eigenskapar som personlegdom og arbeidsoppgåver i samfunnet.[v] Definisjonen av homoseksualitet som avvikande og pervers kan også sporast tilbake til desse ideane om kva slags formar for kjønn og seksualitet som var naturleg. Seksuelle samkvem som ikkje hadde noko med reproduksjon å gjere vart definert som unaturleg.[vi] Kategorien homofil som identitet og sjølvforståing oppstod etter kvart som ein følgje av dette nye kunnskapsregimet.[vii] Poenget er at sosiale kategoriar og identitetar som er sjølvsagte og meiningsfulle for oss i dag er resultatet av ei historisk utvikling. Ifølgje historikaren og filosofen Michel Foucault spegla leksikonet og andre vitskapelege tekstar det som i si samtid vart teke for å vere sjølvsagt og sant.[viii] På denne måten vart leksikona med på å forme folks sjølvoppfatning og forsterke samfunnsnormer.   

Kjønnsteoretikaren Judith Butler og andre skeive akademikarar og aktivistar bygde på 1980- og 90-tallet vidare på innsiktene frå Foucault. Stikk i strid med opplysningsideen hevda dei skeive tenkjarane at kategoriar og identitetar som homo og hetero eller kvinne og mann er kulturelt skapte. Desse identitetane blir meiningsfulle fordi vi handlar i samsvar med dei.[ix] Kort sagt; identitetar som homo og hetero er meiningsfulle fordi det er desse kategoriane samfunnet tilbyr oss. Det er derfor ikkje ei nøytral handling å definere homoseksualitet, fordi ein samstundes etablerer kategoriane som folk forstår seg utifrå, ja, sjølve språket som vi alle tar del i. Eit viktig prosjekt for skeive aktivistar og akademikarar har derfor vore å utfordre tilsynelatande naturgitte identitetar og kategoriar som kvinne og mann eller homo og hetero. Det er midlertidig få institusjonar som så til dei grader har bidrege til å etablere og reprodusere definisjonar som leksikona. Korleis kan ein da skrive inn skeive perspektiv og definisjonar på identitetar og kategoriar på ein måte som ikkje lukkar, men opnar opp og gjer ny forståing av verden mogleg?   

Skriveidealet for leksikon er som tidlegare nemnd å vere kort og fyndig. Dess meir eg nytter ord som er allmenne og sjølvsagte, desto raskare kan eg kome til poenget. Men tilsynelatande nøytrale og sjølvsagte ord, som kjønn og seksualitet eller mann og kvinne, kan ofte oversjå eit større underliggjande mangfald av menneskeleg variasjon. I tillegg til å vere leksikonskribent er eg både som akademikar og aktivist skolert i skeiv teori. Eg veit at ord kan bli ekstra farlege når dei har ein tilsynelatande sjølvinnlysande betydning.[x] Skeive erfaringar forsvinn ofte ut av syne når språket ein har til rådigheit er gjennomsyra av idear om at kjønn og seksualitet enkelt let seg avgrense og kategorisere. Samstundes er det nettopp dette felles språket som formidling i leksikonet kvilar på. Når eg skriv i leksikon om skeiv tematikk for eit allment publikum så sit eg ofte med ei kjensle av at eg på den eine sida forenklar for mykje ved å bruke «farlege», men tilgjengelege ord og perspektiv. På den andre sida er eg redd for å rota meg inn i altfor flokete og framandgjerande resonnement for majoritetsbefolkninga når eg skriv fram teoretiske perspektiv og definisjonar som tek utgangspunkt i skeive personar sine livserfaringar.   

Då eg nyleg skreiv ein ny artikkel om den anerkjende og ikoniske filosofen og kjønnsteoretikaren Judith Butler vart denne utfordringa satt på spissen. Noko av det mest inspirerande med Butlers perspektiv er at ho utfordrar dei rådande perspektiva på kjønn som ein medfødd eigenskap, og oppfordrar oss til å tenkje over korleis kvar og ein av oss opprettheld kjønnsstereotypane. Men Butler sine tankar om kjønn er meir prega av små hint og spørsmål framfor klare svar på kva kjønn er. Målet er ikkje nødvendigvis å stadfesta ei evig sanning, men heller vekke undring. Likevel må ein skeiv skribent prøve å få fram nyanserte og potensielt frigjerande bodskap med klare ord, slik at flest mogleg tar til seg ny kunnskap. Eg skriv alltid så korte setningar som mogleg. For å samstundes vekke undring i flaumen av tilsynelatande sjølvsagte ord og vendingar prøver eg å kommunisere ein tvil med hjelp av språkleg verkemidlar som «kan», «gjerne», «ofte» og «ikkje nødvendigvis». Lesaren skal bli klok, men samstundes hugse at perspektiva ikkje er hugga i stein.   

I motsetnad til tidlegare tiders leksikonskribentar blir eg titt og ofte kontakta av engasjerte lesarar som er kritiske til formuleringar eller ikkje kjenner seg igjen i artiklar om ein identitetskategori dei sjølve høyrer til. Som skeiv leksikonskribent 50 år etter avkriminaliseringa av homoseksualitet tek eg slike tilbakemeldingar på det djupaste alvor. Eg ynskjer at skeive minoritetar kan spegle seg i leksikonartiklar og ha tilgang til ny og meir nyansert kunnskap om seg sjølv. I tillegg har eg har ein ambisjon om å skrive leksikonartiklar om kjønn og seksualitet som skapar forståing for skeive livserfaringar hjå majoriteten. Men kjønn og seksualitet vil aldri vere objektive storleikar som lar seg stadfeste ein gong for alle, og dette må moderne leksikon også reflektere.  

[i] https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/_-hvorfor-er-jeg-homofil_-1.8317563  

[ii] Hanne Marie Johansen, 2020, Skeive linjer i norsk historie, Samlaget.   

[iii] Kristin Fridtun, 2015, Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay, Samlaget  

[v] Michel Foucault, 1999, Seksualitetens historie I, Exil forlag.   

[vi] Foucault, ibid.   

[vii] Johansen, ibid.   

[viii] Michel Foucault, ibid.   

[ix] Bøkene Folk flest er skeive av Agnes Bolsø frå 2010 og Vad är queer av Fanny Ambjörnsson frå 2016 er gode innføringsbøker i skeiv teori.   

[x] Ein stor takk til kriminolog Nils Christie for hans tankar om ord som farlege reiskap i boka Små ord for store spørsmål frå 2009. 

Bilete av Reidar Schei Jessen
Reidar Schei Jessen. Foto: UiO

Reidar Schei Jessen er postdoktor i klinisk psykologi ved Universitetet i Oslo, og er i tillegg fagansvarleg for kategoriane kjønnsidentitet, homorørsle og kjønnsforsking i Store norske leksikon.