Om eg kunne elske deg betre, hadde eg gjort det

Eg fortel månen om deg
at du ikkje kan vere langt unna no

Du som berre er å finne
i mellomromma
mellom fingrane
og handlingane

Eg har strevd meg over høge fjell
og nesten drukna i djupe hav
for når dagen var på hel

der dropar dryp
i ring
omkring
kumlokk
sjølv der, såg eg etter deg

Du er nyttår, du er nye moglegheiter,
du er blanke ark med linjer så blå
som liljene på marka
og eg er uspissa,
en blyant som fargar sjølv regnbogen grå

Nokon seier at vi ikkje kan vere saman
fordi du er ein splitter ny stige
Og eg er eit gammalt epletre
Men når eg seier at i mi frukt vil berre larvane leve
ler du, og svarer at i så fall blir sommarfuglane i år ekstra vakre

For når eg er ugraset
er du ein bukett
Du er fargerik som fargekritt
Og krever å bli sett
men eg er kun svart asfalt

Eg har falt
For deg
men du har lært meg å reise meg
Av deg har eg faktisk lært det meste,
til og med at dagen i morgon er verd å elske
for du er verken maskulin eller feminin
Du er bare alt som er fint

Og om eg kunne elske deg betre
ved å setje fyr på meg sjølv
hadde eg vore ein skogbrann
For eg veit at du hadde vore ei rennande elv

Om eg kunne elska deg betre
ville eg ha elska meg sjølv
best

Bilete av Jeaninne Masika Harryson.
Jeaninne Masika Harryson. Foto: Hele Torp Dahl / Samlaget

Jeaninne Masika Harrysson er lyrikar og forteljar. Ho har vore involvert i fleire litterære prosjekt dei siste åra, mellom anna Den mangfaldige scenen, Den kulturelle skulesekken og ved Jakob Sande – senter for forteljekunst. Ho har også gitt ut diktsamlinga Alt godt som enno ventar (2021)