Svolten i Sarajevo

Eg prøver å hugse korleis byen ser ut. Eg går gjennom alt vi gjorde, men ofte må eg trykke meg inn i Google for å gjere bildesøk. Vi sto ved hjørnet der første verdskrig starta, det var i alle fall det vi lærte i historietimane. Franz Ferdinand blei skoten akkurat der, du sa at du hugsa det mest på grunn av at du var så glad i bandet for nokre år sidan. Kva for farge var det på bygningane rundt oss? Var elva ved sidan av oss roleg eller rask den ettermiddagen? Hugsar ikkje, veit ikkje. Alt eg hugsar er deg. Det var varmt, du hadde på deg singlet og omslagsskjørt, ei lita skinnveske du hadde kjøpt i byen før vi kom til hovudstaden. Eg tok bilde av deg overalt, portrettmodus på alle bileta, deg med ei iskald øl, deg som sjekkar mobilen, du som smiler til meg. Det smilet. Eg ville spørje om ikkje du skulle ta bilde av meg, eg har lært at ein alltid skal hugse å bli fotografert sjølv når ein er på ferie. Berre på den måten kan ein vise at ein har vore der ein seier at ein har vore. Fysisk bevis. Eg ville ikkje mase.

– Skatten, sa du og smilte til kamera ein gong til. Eg trykka på den runde knappen i midten. Du blei fin, som vanleg.

 

Når eg tenker på byen, den feriedagen, er det mine eigne gamle tankar som kvernar rundt. Det er som å setje på ein tørketrommel i hjernen der alt saman blir kasta rundt i ein evig straum.

Han. Eg ville vite om du tenkte på han. Han som du hadde vakna med så mange gongar, han som du hadde begynt å sjå for deg eit liv saman med. Det veit eg at du hadde, for du sa det ein gong etter tre øl, og det prenta seg inn i hjernen som eit svimerke.

– Er det han du tenker på? ville eg spørje kvar gong du blei fjern, kvar gong du såg ut i lufta og blei borte. Eg kunne ikkje spørje om det, ville ikkje vere ho gale som spør om sånt. Det brann på tunga mi, sånn som det gjer rett før ein skal kaste opp.

– Eg kan ikkje vere ho gale, kan ikkje vere ho, vil ikkje vere ho, sa eg til meg sjølv eit par tusen gongar den dagen.

Eg hadde sett bilde av han, sjølvsagt hadde eg det, han hadde krøllar, var så høg, objektivt sett kunne eg forstå at han var kjekk. Korleis skulle eg slutte å tenke på alt dokker hadde gjort saman? All kroppsvæska som hadde blanda seg, kroppsdelane som hadde vore fletta saman, alt som hadde vore inni deg. Det hende eg måtte blunke hardt for å prøve å stoppe tankane, det gjekk sjeldan, men kvar gong var eg glad for at eg hadde solbriller på i den sterke sola.

 

Hotellrommet var finare enn eg ville ha trudd på førehand. Du blei overraska da vi kom inn der med bagasjen vår, det hugsar eg, du sa «jøss!» allereie da du såg senga. Du gjekk for å slå på lyset på badet, «kom hit!» ropte du, før du heldt fram med: «Badekar!»

– Fristar det? spurte eg og la hendene på hoftene dine, eg kunne kjenne at du var sveitt på ryggen.

Du snudde deg, la armane rundt halsen min og trakk meg inntil. Kyssa meg med tunge før du slo på vatnet. Akkurat der, akkurat da, fanst ikkje han. Krøllane og dei lange fingrane kunne like gjerne aldri ha eksistert.

– Elskling, sa du, før du dukka under boblene og alt eg kunne sjå av deg var tærne og håret som flaut opp.

 

Vi tok på oss fine klede, du hadde leppestift, eg tok den nye parfymen du hadde hjelpt meg med å finne på TaxFree før vi drog frå Oslo. Byen hadde blitt mørk på den tida vi hadde vore inne, på bildet eg tok av deg på torget ser det ut som at det er midnatt allereie. Vi hadde gått ut for seint, det er det eg kjenner på sjølv no når eg ser det bildet, magane var for tomme, det var først no eg kjende at hovudet mitt var lett og tungt samtidig. Noko skjedde med stemninga. Vi klarte ikkje bli einige om kor vi ville setje oss, du ville ha pizza, men eg ville ikkje bli så oppblåst, eg prøvde å peike på ein annan restaurant, men den såg full ut.

– Kor vanskeleg kan det vere, sa du irritert.

– Du kan jo hjelpe litt du også, svara eg, like sur.

– Skal du vere sånn jentesur no? spurte du.

Det prikka i hjernen min, måtte halde meg, ville berre gå ein plass der vi kunne få sitje i ro og få mat samtidig.

– Kanskje du skulle ha spist litt før vi gjekk? foreslo eg.

– Kanskje du skulle ha gjort det, fekk eg til svar.

 

Du snudde deg og gjekk, ti meter framfor meg, eg fann alt eg kunne i kroppen for ikkje å klikke, snu det andre kinnet til, eg småsprang for å kunne gå saman med deg. Det var jo det eg ville. Eg greip etter handa di, du stoppa, snudde deg roleg mot meg. Kanskje tenkte du at det aldri var sånn med han, det var bestandig i orden, bord var booka, planen var lagt, kanskje sakna du det. Han. Eg leita etter dei tankane i auga dine, men kunne ikkje lese deg, berre katastrofetenke på eigenhand.

– Fina, sa du. Vi går og finn noko å ete. Om så berre ein kebab.

Eg løfta handa di. Kyssa handbaken. Gjekk for munnen. Ein fyr kom gåande rett mot oss, saktare jo nærmare han kom. Han stoppa heilt, eg fraus.

– Hey girls, sa han, på balkanengelsk.

Vi svarte med å vere heilt stille.

– Can I join you? spurte han med eit glis.

Eg såg raskt på deg, få han til å gå, no, ville eg seie, ville ha han vekk. Du sa ingenting.

– Come on, let me play with you, sa han, gjekk nærmare no.

– Fuck off, sa du med den søte stemma di.

Han spytta, trefte oss nesten, «fucking lesbians» ropte han etter oss. Vi sprang til vi fann eit kebabkjøkken som såg reint ut. Du tok faktisk eit bilde av meg da. Eg står med kebabrull i handa og leppestiften din rundt heile munnen. Du la ut bildet på Instagram med bildeteksten «Svolten i Sarajevo».

 

Han trykka ikkje like på det bildet. Det tok eg som ein siger.

Bilete av Sigrid Agnethe Hansen
Sigrid Agnethe Hansen. Foto: Fabian Ubeda / Samlaget

Sigrid Agnethe Hansen er journalist og forfattar. I 2020 debuterte ho med romanen Ser du dette?