Stader for skrift 2020

Brit Bildøen

Gossen, Aukra

Forfattar Brit Bildøen er fødd i Ålesund, er oppvaksen på Aukra i Møre og Romsdal og er busett i Oslo. Ho er forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk, og ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar. 

Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Gjennombrotet kom med romanen Tvillingfeber (1998). Romanen Alt som er (2004) blei hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, noko som var uvanleg for ein kvinneleg nynorskforfattar. I essaysamlinga Litterær salong (2009) er ho oppteken av kvinnene si stilling i litteraturen. Ho har sidan gitt ut romanane Adam Hiorths veg (2011), Sju dagar i august (2014) og Tre vegar til havet (2018). I 2020 gav ho ut fagboka Over land og hav. Eit år med trekkfuglar. 

Bildøen er ein god forteljar. Ho er stilsikker og bruker språket medvite, ho eksperimenterer med språket og er tydeleg i metaforbruken. Ho har ei ironisk og feministisk vinkling på emna ho tek opp, som oftast gjeld samliv og kjønnsroller. Som forfattar går ho gjerne inn på tema som er tidsaktuelle, men lite skrivne om skjønnlitterært. 

Bildøen fekk Nynorsk litteraturpris i 1998 for Tvillingfeber, Osloprisen i 1998, Sunnmørsprisen i 2004 og Samlagsprisen i 2011. I 2001 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta. Bildøen fekk Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for romanen Landfastlykke (2001), P2-lyttarane sin romanpris 2014 for romanen Sju dagar i august, Nynorsk litteraturpris 2018 for romanen Tre vegar til havet og Amalie Skram-prisen 2020. Ho vart heidersmedlem i Samlaget i 2018. 

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no. 

Film av Blåst Film

Podkast med Bjørn Vatne og Brit Bildøen

Portrett av Fotograf Ma

Bilde av Brit Bildøen
Bilde av Brit Bildøen
Bilete av Brit Bildøen

Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt. 

fotografma.no



Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift. 



Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat  (2017) og Havets sølv  (2016). 

 

blaastfilm.no

Bilde av Brit Bildøen

Brit Bildøen

Brit Bildøen er forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk, og ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar. Som forfattar går ho gjerne inn på tema som er tidsaktuelle, men lite skrivne om skjønnlitterært.