Stader for skrift 2020

Jan Ove Ulstein

Ulsteinvik

Jan Ove Ulstein er fødd i Ulsteinvik og busett i Volda. Ulstein har skrive mange barnebøker, romanar, diktsamlingar og salmar. Han debuterte med dikt, viser og salmar i Slag på berget i 1975, og i 2014 kom den 12. diktsamlinga (det er her det flør). Dette er utvalde tekstar frå dei første fem diktsamlingane i 1975-85. Den første romanen, Satyr i katedralen, blei gitt ut i 1997, og her stiller Ulstein religiøse og filosofiske spørsmål. 

Både som forfattar og teolog arbeider han med forholdet mellom kyrkje og samfunn. Ulstein driv Ura forlag (skipa i 2008), som gir ut mange av bøkene hans. Han har omsett fem av salmane i Salmer (1997) til nynorsk, og skrive éin salme og omsett tre til nynorsk i Norsk salmebok (2013). Ulstein var ein av stilistane for nynorsk for den nye utgåva av Bibelen som kom i 2011. 

Ulstein har skrive og fått oppført fleire musikkspel i samarbeid med komponistar, mellom anna syngjespelet Høyr kor kyrkjeklokka lokkar (2014), komponert av Marie Austrheim Riise. 

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.

Film av Blåst Film

Podkast med Bjørn Vatne og Jan Ove Ulstein

Portrett av Fotograf Ma

Bilde av Jan Ove Ulstein
Bilde av Jan Ove Ulstein
Bilde av Jan Ove Ulstein

Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt. 

fotografma.no



Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift. 



Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat  (2017) og Havets sølv  (2016). 

 

blaastfilm.no

Portrettbilde av Jan Ove Ulstein

Jan Ove Ulstein

Jan Ove Ulstein er teolog og forfattar av meir enn 20 bøker. Han er oppteken av forholdet mellom kyrkje og samfunn.