Historia om songen

Historia om songen ”Mellom bakkar og berg” kan delast i fire periodar. Den første perioden er fram til diktaren døyr i 1896. Den andre perioden går fram til den tyske okkupasjonen, og den tredje frå 1940 til 1971. Tida etterpå er den fjerde perioden.

”Nordmannen” blei raskt ein lese- og songbokklassikar. Alt i 1869 kom versjonen frå 1868 med i Lesebok i Landsmaalet, redigert av Olav Paulson. Terje Aarset har vist at diktaren i korrespondansen med Paulson om denne boka ikkje sa noko om kva versjon som skulle brukast. Songen blei også prenta i minst ei nordisk songbok, Nordiske fædrelandssange og folkesange frå 1873, laga for danske folkehøgskular. Nettopp folkehøgskulane har nok vore ein viktig traderingsinstitusjon med atskilleg import og eksport av songar dei nordiske landa imellom. 

Frå 1870 fram til i dag er det kome ut mange hundre songbøker i Noreg. Slike bøker blir ofte trykte i fleire opplag og fleire utgåver. Det inneber at dei er i bruk i lang tid og har mykje å seie for kva tradisjonar som festnar seg.
 
Songbøkene kan gjerne grupperast i tre typar etter bruk og distribusjon. For det første fleirgenerasjons-songbøker som kjem i nye opplag og utgåver i tiår etter tiår. Olaus Alvestad, Mads Berg og Karl Seip var redaktørane for dei tre mest brukte av dette slaget. Lenge var desse allmenne songbøkene også brukte som skulesongbøker, og dei hadde gjerne ordet ”skulesongbok” i undertittelen. I seinare år har dette løyst seg opp på den måten at det blir laga eigne skulesongbøker. Ei tredje gruppe er organisasjons- og institusjonssongbøker. Her er songbøkene med og etablerer ein førestilt fellesskap eller ein kollektiv identitet innanfor ein institusjon eller organisasjon.
 
Førebels har vi gått gjennom 215 utgåver og opplag av songbøker med ”Mellom bakkar og berg”. I godt og vel seks av ti er diktarens siste versjon frå 1875 brukt. Resten fordeler seg på heile 14 andre versjonar. Av desse er dei fleste versjonar som Ivar Aasen sjølv aldri publiserte.
 
Vi har også undersøkt over 20 diktantologiar. I desse er det nesten utan unntak diktarens siste versjon frå 1875 som har vore brukt. Derimot har mange antologiredaktørar rota med kjeldetilvisinga og oppgitt 1863-utgåva som kjelde for ein versjon dei berre kan finne i 1867- og 1875-utgåvene. Slik går det når ein kopierer tidlegare antologiar og let primærkjeldene vere. 
 
Frå og med 1896 har det kome eit titals utgåver med utvalde skrifter av Ivar Aasen. Alle desse utgåvene inneheld diktarens siste versjon av ”Nordmannen”.
Feilskriving
Redaktørane for diktantologiar har vore nøye med å bruke Ivar Aasens eiga rettskriving. I songbøker er det vanleg å modernisere rettskrivinga av eldre tekstar. Det gjeld også ”Nordmannen”, men med vekslande hell. Generelt er songbøker upålitelege tekstkjelder.
 
Somme feil er berre kuriøse, andre er meir insisterande. I songbøkene er det svært vanleg at det lavar av blomar sjølv om diktaren skreiv laver og dette verbet då som no har bøyinga å lave, laver, lavde, har lavt
 
Den som vil ha gode modifiserte versjonar, bør hente tekstførelegg frå Bjarte Birkelands antologi over nynorsk lyrikk frå 1965, eller frå Ivar Grimstads Songbok for pensjonistlag, som første gongen kom ut i 1982.
 
Ivar Aasen-tunet tilbyd på denne temasida dei autoriserte versjonane både av diktet som gamal tekst og som moderne song. Diktet er publisert i diktarens siste versjon med hans eiga rettskriving. Songversjonen byggjer på Ivar Grimstads utgåve, lett justert i samråd med Terje Aarset.
1896–1940: tradisjon i oppløysing
Ivar Aasen hadde sjølv prenta fire versjonar då han i 1875 etablerte diktarens endelege versjon i tredje utgåva av Symra. Han levde enno i vel tjue år, til september 1896. I dette tidsrommet var det så godt som alltid sisteversjonen frå 1875 som blei nytta.
 
Det første brotet med denne Symra-versjonen stod den unge læraren Anders Reitan frå Ålen i Sør-Trøndelag alt før Ivar Aasen hadde sett punktum for sin eigen versjon. I 1874 gav Reitan ut ei songbok med Lauvduskar-versjonen frå 1868. Der tok han likevel ikkje med strofa med opningslinja ”Kring um Dalen stod Fjelli som Grindar”. Det gjekk hundre år før denne Reitan-versjonen på ny dukka opp i ei songbok.
 
Då Ivar Aasen døydde i 1896, rakna tradisjonen. Alt i 1899 laga Chr. Hall og Halfdan Møller Ny sangbog for norsk Ungdom, med ein kombinasjon av strofer som Ivar Aasen sjølv aldri hadde publisert. Denne Hall&Møller-versjonen var i bruk i minst 50 år. Den kom med i fleire av dei mykje brukte songbøkene tidleg på 1900-talet og gjekk særleg att i nynorske og kristelege songbøker med tilhøyrande organisasjonssongbøker for speidarar og godtemplarar. Iallfall så seint som i 1959 var det denne versjonen som blei brukt i Sangbok for Norsk Speidergutt-Forbund.
 
I songbøkene fram til 1940 var to versjonar av ”Nordmannen” like mykje brukte. Rekna i opplag var truleg den forkorta Lauvduskar-versjonen frå 1868 mest brukt på trykk. Kva som blei sunge, veit ingen.
1940–1971: eintydig tradisjon
Den tyske okkupasjonen i 1940 fekk følgjer for ”Nordmannen”. På kort tid blei dei ymse versjonane lagde til sides. No var det endeleg diktarens siste versjon frå 1875 som gjaldt, og som blei brukt i nesten alle songbøker som no blei gitt ut.
 
Det førte også til at det var denne diktarens siste versjon som var nesten einerådande fram til slutten av 1960-åra. 
1971–1999: tradisjon i oppløysing
Mange av dei mest brukte nynorske songhefta frå tidleg 1900-tal bygde tydeleg på Lauvduskar-versjonen frå 1868. Felles for desse skriftene var at dei mangla dei to siste strofene – om nordmannen som reiser sørover og vender heim att frå dei som braglar med rikdom og høgd. Nettopp desse strofene blei henta fram att i EF-striden.
 
Den 24. mars 1971 stod dei på prent i Dag og Tid. Der skreiv Tomas Finnvik eit lite innlegg om det han kalla eit par av dei gløymde strofene frå ”Nordmannen”. Raskt danna det seg ein myte om at Ivar Aasen var blitt sensurert, utan at nokon kunne peike på kven som hadde sensurert. Dei to strofene smatt fort inn i det breie repertoaret av høvesdikting og songar som var i bruk fram mot folkerøystinga om EF-medlemsskap 25. september 1972. På ein Ivar Aasen-fest i Bondeungdomslaget i Bergen 22. mars 1972 blei jamvel alle dei 11 prenta strofene brukte.
 
Også seinare var det mange som sette på prent ein versjon som ikkje var diktarens siste eller aller helst, laga seg ein versjon Ivar Aasen sjølv aldri hadde publisert. Slik kan det gå når ein song blir så sterkt tradert at den nærmar seg allemannseige. NRK, Norsk Musikforlag, Ola Bremnes, Halvdan Sivertsen, Anita Skorgan og mange andre laga songbøker som hadde éin ting felles. Dei hadde med ”Nordmannen” av Ivar Aasen – ikkje diktarens siste versjon, heller ikkje ein av dei andre versjonane Aasen hadde publisert, men ei vilkårleg redigering av utvalde strofer. Det toppa seg då Noregs Mållag feira 100-årsjubileet sitt i 2006. Med kong Harald og kronprins Haakon Magnus til stades song forsamlinga ein versjon med endå ein ny kombinasjon av strofer.
2000– : tilbake til Aasens eigen tekst
Den faste tradisjonen frå tida etter den tyske okkupasjonen kom altså under press frå og med EF-striden 1971–72. Likevel stod no diktarens siste versjon så sterkt at av vel 50 songbøker etter 1971 brukte halvparten Symra-versjonen frå 1875.
 
Det var ikkje lenger klart for alle kva som kunne reknast som den gyldige versjonen. Då Ivar Aasen-tunet opna i 2000, etablerte institusjonen difor ein vilkårslaus regel: Vi bruker aldri noko anna enn diktarens siste versjon. Det er den vi har hatt liggjande tilgjengeleg på nettstaden vår, og det er den vi har vist til når nokon har spurt oss til råds.
 
Med reklamefilmen ”Made by Norway” fekk diktarens siste versjon endeleg den plassen den fortener, som den beste. Viss reklame har makt, sikrar no Aker-konsernet Ivar Aasens eigen versjon av songen om Noreg.
Faksimile frå Mads Bergs Skulesongbok. Aschehoug forlag 1966.