Hopp til hovudinnhald

Ny avdelingsleiar hjå Nynorsk kultursentrum

Henriette Hafsaas (49) tek til som forskings- og samlingsleiar hjå Nynorsk kultursentrum 2. november. Kontorstad er Aasentunet i Hovdebygda.

  • Henriette Hafsaas
    1/1
    Ny forskings- og samlingsleiar Henriette Hafsaas Madelen Muren / Nynorsk kultursentrum

Hafsaas kjem frå stillinga som rådgivar for kulturarv i Stad kommune, der ho har hatt ansvar for mellom anna konservering og skjøtsel av Selja kloster, tilrettelegging av Kongevegen over Mannseidet og fjerning av sitkagran i kystlyngheia på Selja. Ho har tidlegare vore tilsett ved Høgskulen i Volda i nærmare ti år, i hovudsak som forskingssjef, men starta der som bibliotekleiar. Hafsaas har doktorgrad i arkeologi frå Universitetet i Bergen og fleire års erfaring som arkeolog før ho kom til Volda.

I stillinga som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum skal Hafsaas leie arbeidet med forvalting av stiftinga sine samlingar og arkiv, og koordinering og utvikling av forskingsarbeidet. Stiftinga har sju faste stillingar i avdelinga for forsking og samling. Seks av desse har kontor i Aasentunet, medan der er ein konservator ved Haugesenteret i Ulvik. I tillegg har avdelinga for tida ein forskar II med kontorstad i Tromsø.

  • Olav og Henriette
    1/1
    Direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, saman med ny forskings- og samlingsleiar Henriette Hafsaas. Madelen Muren / Nynorsk kultursentrum

– Nynorsk kultursentrum har satsa tydeleg på både samlingsforvaltning og forsking dei siste åra. Med denne tilsettinga har vi tru på at arbeidet får seg eit endå større løft. Henriette får eit viktig oppdrag med å gjere det viktige arbeidet til forskings- og samlingsavdelinga mest mogleg synleg og nyttig for både resten av organisasjonen og publikum og samfunnet elles, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik i Nynorsk kultursentrum. 

– Eg synest at kombinasjonen av kulturarv, forsking og leiing i stillinga var svært spennande. Nynorsk kultursentrum forvaltar ein viktig del av norsk kulturarv gjennom historia til det nynorske språket og skriftkulturen meir generelt, i tillegg til samlingane og arkiva sine. Eg gler meg til å verte betre kjend med organisasjonen og dei nye kollegaene mine, og til å bidra til å utvikle forskinga, samlingsarbeidet og formidlinga vidare. Vi er i ei brytningstid der maskinar brått produserer tekstar, og då synest eg arbeidet med språk og eldre skriftlege kjelder vert endå viktigare for å gi innsikt i menneskeleg tenking, seier ny forskings- og samlingsleiar Henriette Hafsaas.

 

For spørsmål, kontakt: 

Olav Øyehaug Opsvik, direktør 

olav.opsvik@nynorsk.no 

+47 971 30 153