- 1/1
Konservator ved Nynorsk kultursentrum Fredrik Hope. Maria Fet
Dette kjem fram i ein vitskapleg artikkel som Jorunn Simonsen Thingnes, førsteamanuensis ved Høgskulen Vestland og Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum, har publisert i tidsskriftet Maal og Minne.
Av 117 kommunar med nynorskskular, hadde berre 39 planar for korleis kommunen skal bruke nynorsk. Forskarane har gått gjennom desse dokumenta for å sjå korleis kommunane som har ein plan, går fram for å fremje nynorsk.
– Vi ser at det i hovudsak er to ulike typar planar, seier Hope.
Nokon kommunar har ein språkbruksplan. Det vil seie at kommunen slår fast korleis nynorsk og evenuelt bokmål skal brukast, til dømes om det skal skiltast på nynorsk eller kva dokument som skal vere på nynorsk.
Den andre typen dokument er språkprofilar. Det handlar ofte meir om rettskriving eller klarspråk.
Den nye språklova frå 2022 slår fast at alle delar av det offentlege har eit særskild ansvar for å fremje nynorsk, sidan nynorsk er mindre brukt enn bokmål. Ei av målsetjingane til artikkelen var å finne ut om dei kommunale skriftfesta planane var oppdaterte til å møte dette kravet.
Forskarane finn at det er ein forskjell på kommunale dokument vedteke før og etter den nye språklova. I dei som er vedteke etterpå er det fleire som har prestisjepunkt om at dei skal fremje nynorsk.
– Stord sin språkbruksplan er eit godt eksempel. Dei har mål om å vere ein språkpolitisk aktør for både å gjere det enklare å vere nynorskbrukar, og å styrkje nynorsk i ein nasjonal samanheng, fortel Hope.