Ny tidsrekning i norsk språkpolitikk

Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark
Per Magnus Finnager Sandsmark direktør i Nynorsk kultursentrum.

Eit samla storting vedtok ny språklov i dag, 25. mars 2021. – Dette er ei ny tidsrekning i norsk språkpolitikk. Språk og språkleg mangfald har frå no av ei solid lovforankring, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum har kalla lova historisk tidlegare. Stiftinga har då lagt vekt på at nynorsk, bokmål, samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka får sterkare vern i lova.

– Lova slår fast at det å følgje lova ikkje held for å nå målet om å fremje nynorsk, som det minst bruka av dei to norske skriftspråka. Dette er avgjerande når kommunar, fylkeskommunar og staten skal vurdere tiltak i til dømes kommunal-, utdannings- og kulturpolitikken, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark, og understrekar at det er synd at Framstegspartiet røystar mot dette.

Nynorskorganisasjonane skulle gjerne sett at lova gjekk meir konkret til verks for å sikre fleire rettar for nynorskbrukarane, og at regjeringspartia hadde fått fleirtal med den raudgrøne opposisjonen for å sikre betre nynorskrettar.

– Hovudlinjene i lova er som vi har føreslått, men vi skulle ønskje lova hadde tydelegare tiltak for nynorskbruk i staten og fylkeskommunane. No må vi sjå på korleis lova blir brukt. Lova dannar eit godt grunnlag for å styrkje språkmangfaldet i dette landet, avsluttar Finnanger Sandsmark.