Nynorsk kultursentrum i 78 kommunar i 2019

Temautstillinga Innanfrå, utanfrå, Carl Frode Tillers litterære metode.

Nynorsk kultursentrum var til stades med utstillingar eller arrangement i 78 kommunar i 2019. Til samanlikning har Riksteateret 74 spelestader. Aldri før har Nynorsk kultursentrum vore til stades i fleire delar av landet.

Nynorsk kultursentrum arbeider kvar dag for å gjere nynorsk kunnskap og kunst synleg i heile landet. Barn og vaksne har sett framsyningar og utstillingar frå Lillesand i sør til Tromsø i nord. Med turneane våre viser vi også at vi hugsar at landet er langt og mangfaldig. Det er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier Per Magnus F. Sandsmark

Skeiv litteratur og fuglar
I 2019 sende Nynorsk kultursentrum fem nye utstillingar ut på turné. Dette har vore ein del av markeringa av Bokåret 2019. Gjennom brend by til Tante Ulrikkes vei syner fleire av vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris frå 1964 til i dag. Bipersonar presenterer norsk litteratur og journalistikk der hovudpersonane er homofile, bifile eller transpersonar. MedFuglar i lyrikken kan publikum få smakebitar frå den mangfaldige diktinga om fuglar. Det blei også laga to forfattarutstillingar om høvesvis  Aasmund Olavsson Vinje og Carl Frode Tiller, som var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2019. – Vi låner ut utstillingane gratis til museum, bibliotek, høgskular og andre institusjonar, avsluttar Sandsmark

Kommunar med tilstellingar i 2019
Østfold: Askim, Oslo
Hedmark
: Trysil
Oppland: Gausdal, Gjøvik, Nord-Aurdal, Sel, Vestre Toten, Østre Toten
Buskerud: Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Kongsberg, Ål
Telemark: Bø, Seljord, Tokke, Vinje
Aust-Agder: Arendal, Birkenes, Bygland, Bykle, Evje og Hornnes, Froland, Gjerstad, Grimstad, Lillesand, Risør, Tvedestrand, Valle, Åmli
Rogaland: Stavanger, Suldal
Hordaland
: Bergen, Lindås, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss
Sogn og Fjordane: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy
Møre og Romsdal: Aure, Averøy, Fræna, Haram, Hareid, Herøy, Nesset, Rauma, Sande, Skodje, Sula, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vestnes, Volda, Ørsta, Ålesund
Trøndelag: Flatanger, Trondheim, Verdal
Nordland: Bindal, Meløy, Saltdal
Troms: Tromsø

 

Maria Fet