- 1/1
Frå utstillinga
Vi vert gripne når vi høyrer «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», vi kryp inn i armkroken til kjærasten vår til lyden av «Vi vandrar saman», og vi skrålar med til «Kveldssong for deg og meg».
Plater, ikkje minst på vinyl, har vore eit av dei viktigaste media for å spreie denne songskattendei siste hundre åra. Lydbølgjene i rillene har gjort det mogleg for oss å høyre dei nynorske songane heime i stova vår, slik at musikken til små og store artistar kan nå ut til oss, same kvar i landet vi bur.
Målet med denne utstillinga er å syne fram nokre av dei som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.
Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.
Praktisk: Utstillinga er sett saman av to tittelbanner 70 x 200, 12 plansjar à 50 x 50 cm, ein utstillingskatalog og ein videoinstallasjon. Då utstillinga stod framme i Aasen-tunet, var utstillinga rikt supplert med vinylplater frå samlinga til Arild Torvund Olsen.
Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no
Kurator:
Arild Torvund Olsen, Anders Aanes, Gaute Øvereng, Siri Beate Gjerde, Olav Øyehaug Opsvik
Samarbeidspartnarar:
Arild Torvund Olsen (formgiving og tekst utstillingskatalog, fagleg mentor) Anders Aanes (videoproduksjon), Gaute Øvereng (formgiving)