Nynorske pilotbibliotek

Vil biblioteket ditt få gratis arrangement og auka kompetanse på nynorsk litteratur?

Nynorsk kultursentrum lanserer satsinga nynorske pilotbibliotek med søknadsfrist 8. april 2021. Inntil fem bibliotek i kommunar med nynorskelevar i Agder, Rogaland, Viken og Innlandet kan bli med i 2021–2023. Både folkebibliotek og skulebibliotek kan søkje. Send ein søknad i dag! 

Om Nynorsk kultursentrum 
Stiftinga Nynorsk kultursentrum er skipa av norske universitet, fylkeskommunar, kommunar og kultur- og kunnskapsorganisasjonar for å fremje nynorsk skriftkultur. Kvar dag inviterer vi til opplevingar på og om nynorsk ved dei faste arenaene våre, på nett og på turné i heile landet. 

Nynorsk kultursentrum har faste arenaer i Møre og Romsdal (Aasentunet), Vestland (Haugesenteret) og Vestfold og Telemark (Vinjesenteret). Kvart år har vi arrangement og utstillingar i 50–100 kommunar. 

Nynorske pilotbibliotek-satsinga 
Som del av vegen mot å nå visjonen vår om språk, kultur og kunnskap til heile landet etablerer Nynorsk kultursentrum ei toårig satsing med nynorske pilotbibliotek. Vi ønskjer å nå kommunar med nynorskelevar i dei fylka der vi ikkje har faste arenaer. Derfor søkjer vi i denne omgang etter kandidatar frå Agder, Rogaland, Viken og Innlandet. 

Søknadsfristen er 8. april 2021.  

Dette får pilotbiblioteka  
•  Minst tre arrangement i året, der vi dekkjer honorar, reise, overnatting og diett for utøvarar
•  Minst to utstillingar i året, der vi dekkjer frakt 
•  Minst eitt besøk i året frå våre tilsette, som då vil snakke med brukarar og bibliotekarar for å få innspel til korleis formidlinga vår kan vere 
•  Årleg samling for tilsette om nynorskformidling i biblioteka, der vi dekkjer reise, overnatting og mat  
•  Høve til å gi tilbakemeldingar på opplegga og ideane våre 
•  Høve til å forme nynorsk litteratur- og språkformidling på folkebiblioteka 

Dette må de gjere som nynorsk pilotbibliotek 
Stille opp på den årlege samlinga 
Stille lokale til disposisjon for ulike arrangement, med mikrofon og anna enkelt teknisk utstyr, og marknadsføre arrangementa 
Ved høve tilby utstillingar til nabobibliotek 
Gi tilbakemeldingar på gjennomføringa av arrangement og utstillingar, og kome med idear til nye 
Oppmode brukarar til å delta i eit nettpanel, der dei kan kome med idear og tilbakemeldingar til opplegga våre 
•  Vise fram at biblioteket er eit nynorsk pilotbibliotek og samarbeider med Nynorsk kultursentrum, på nettstader og i biblioteklokala 

Krav til søkjarane 
•  De må vere eit folkebibliotek eller eit skulebibliotek i ein kommune med nynorskelevar i Viken, Innlandet, Rogaland eller Agder 
•  De må sende oss ein kort søknad gjennom dette søknadsskjemaet
•  Søknaden må vere send innan fristen 8. april 2021.

Det kan telje positivt om de har andre tiltak for å styrkje nynorsk litteraturformidling ved biblioteket, eller at dette skjer gjennom anna kulturarbeid i kommunen, men det er ikkje eit krav for å delta.

Gjennomføringa vår 
Prosjektet skal etter planen starte opp hausten 2021.  

Samlingane vert gjennomførte ved ein av arenaene våre.  

Kontaktpersonen hos oss er Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum. Ta kontakt per e-post om du har spørsmål om prosjektet eller søknaden: post@nynorsk.no