Nytt kontor- og formidlingsbygg i Ivar Aasen-tunet

Illustrasjonsbilete av det nye tilbygget til Ivar Aasen-tunet.
Det nye tilbygget til Ivar Aasen-tunet er teikna inn i terrenget til venstre for hovudbyggningen. Foto: Hille Strandskogen arkitekter, 2020.

Nynorsk kultursentrum planlegg eit nytt kontor- og formidlingsbygg. Tilbygget skal vere ei naturleg forlenging av Fehn-bygningen i Aasen-tunet og er teikna i eitt med omgivnadene.

Tilbygget er på eigen grunn og skal etter planen hyse aktivitetar og tilsette i Nynorsk kultursentrum og Musea på Sunnmøre.

I tillegg til arbeidsplassar er det i framlegget eit nytt formidlingsrom som kan gi meir formidling til barn, ungdom og vaksne av kulturhistorisk og kunstnariske emne som er viktige for regionen. Det gir betre fleksibilitet, og både Musea på Sunnmøre og Nynorsk kultursentrum har mangla eit slikt rom på Søre Sunnmøre.

Under kontorfløya er det planlagt eit lager- og garasjeanlegg med eigen tilkomst. Her vil det også bli parkeringsplassar for personar med nedsett rørsleevne som vil få trinnlaus tilkomst til både utstillingane og utescena. Det vil gjere det enklare for fleire å besøke Aasen-tunet både for arrangement og museumsopplevingar.

Dette vil også styrke det samla kulturfaglege miljøet på Sunnmøre ved at tilsette ved Musea på Sunnmøre og Nynorsk kultursentrum vert samlokalisert. Særleg innafor formidling, forsking og folkekultur er det store potensiale av å vere eit litt større fagmiljø.

Nynorsk kultursentrum har søkt Kulturdepartementet om midlar. Henrik Hille, Sverre Fehn sin nærmaste medarbeidar i arbeidet med Ivar Aasen-tunet for 20 år sidan har teikna skisseprosjektet i søknaden. Den nye bygningen er teikna som ei naturleg forlenging av hovudbygningen, men under bakken slik at den opphavlege bygningen framleis får den plassen rundt seg som den fortener.

Stiftinga har også innleidd dialog med Ørsta og Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune om finansiering.  

Teikning av det nye tilbygget til Ivar Aasem-tunet.
Tversnitt som viser korleis tilbygget er teikna inn i terrenget. Teikning: Hille Strandskogen arkitekter, 2020.
Teikning av det nye tilbygget til Ivar Aasem-tunet.
Ivar Aasen-tunet og det nye tilbygget sett ovanfrå. Teikning: Hille Strandskogen arkitekter, 2020.
Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre