Nyttig om nynorsk

Digitale ordlister og ordbøker

Bokmåls- og nynorskordbok
Også tilgjengeleg som app.

Språkrådet si administrative
ordliste
Ordliste for deg som treng hjelp til å finne gode nynorskord i staden for bokmål (bokmål-nynorsk)

Nynorskordbøker med omsetjingar til framandspråk frå LEXIN
Nynorskordbøker laga spesielt for minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa.

«Med andre ord» av Magne Rommetveit
Synonymordbok med omsetjingar til nynorsk.

På godt norsk
Liste over avløysarord frå Språkrådet. For deg som treng gode, norske ord i staden for å bruke engelske ord.

Juridisk ordliste
Laga av Skuleboknmendi åt Studentmållaget i Oslo.

Norsk Ordbok
Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Søk i ordboka kan førebels berre skje i alfabetstrekket «i–åværig» i alt 220 000 ordartiklar.

Rettskriving og grammatikk

Nynorsk minigrammatikk frå Språkrådet
Minigrammatikken inneheld dei viktigaste reglane i nynorsk rettskriving.

2012-rettskrivinga
Framtida.no og Kristin Fridtun sin føljetong i fem dalar om 2012-rettskrivingsreforma.

Lær nynorsk på nett

Nynorsk øvingsrom
Språkrådet har eit eige nynorsk øvingsrom retta mot skuleelevar der du kan ta ein kartleggingstest og øve deg i nynorsk grammatikk og rettskriving på ditt nivå, anten du er nybyrjar eller vidarekommen.

Nynorskkurs
NDLA (Nasjonal digital llæringsarena) har òg laga eit nynorskkurs retta spesielt mot elevar med nynorsk som sidemål men også nyttig for dei med nynorsk som hovudmål.

Nynorsk med Kristin
Ei rekkje video-førelesningar med Kristin Fridtun (NTNU).

Nynorsk for studentar
Ein publikasjon av Kristin Fridtun og utgitt av NTNU.

Nynorsk på 1-2-3
Ein teikneserie om nynorsk rettskriving frå Nynorsksenteret.

Førstehjelp i nynorsk
Ein undervisningsfilm av Fagbokforlaget.

Les nynorsk på nett

Store norske leksikon
Store norske leksikon har ei eiga temaside om nynorsk, og er elles eit tospråkleg leksikon med nokre artiklar på nynorsk og andre på bokmål.

Tunkatten.no
Ei nynorsk barneside med songar, forteljingar, aktivitetar og ordliste.

Norsk Barneblad

Eit barneblad på nynorsk som kjem ut ein gong i månaden, dei har òg litt stoff på nett.

Framtida.no
Ei nynorsk nettavis for ungdom.

Framtida junior
Ei nettavis for dei minste.

Dagogtid.no
Lydartiklar frå den einaste riksavisa på nynorsk.

Pirion.no
Ei side retta mot dei som arbeider med språk i barnehage og småskule.

Wikipedia
Visste du at Wikipedia òg er tilgjengeleg på nynorsk?

Allkunne.no 
Nynorsk kultursentrum dreiv tidlegare det nynorske nettleksikonet Allkunne, som i 2022 vart ein del av Store norske leksikon. Leksikonet vert ikkje lenger oppdatert.

Nyttige tips og triks

Stavekontrollen i Word på nynorsk
Endre stavekontrollen i Word til nynorsk. Du finn nynorsk i lista over språka.

Windows på nynorsk
Få windows på nynorsk.

Facebook på nynorsk
Om du vil lese meir nynorsk i kvardagen, kan det vere lurt å ha Facebook på nynorsk.

Nynorsk mobiltastatur
Du kan òg få mobiltastaturet ditt på nynorsk ved å laste ned SwiftKey. Her lastar du det ned for Apple og her finn du det for Andriod.

Anna nyttig

Nynorske frasar til bruk i resonnerande/drøftande fagtekstar
Nynorsksenteret si liste over nynorske frasar til bruk i resonnerande/drøftande fagtekstar.

Guide til godt nynorsk språk i lærebøker
Språkrådet sin guide til godt språk i lærebøker, retta mot dei som skal produsere lærebøker, men har òg nyttige tips til alle språkbrukarar.

Guide til godt nynorsk språk i stillingslysingar
Språkrådet sin guide til å skrive gode tekstar i stillingslysingar på nynorsk.

Språklova
Språkrådet si side om Språklova. Her kan du finne svar på det du måtte lure på om lova, lese heile lova og eventuelt klage på lovbrot.

Gode fysiske bøker for nynorsk språkhjelp

Praktisk nynorsk for lærarstudentar av Olaf Almenningen og Aud Søyland. Det Norske Samlaget, 2012.

Norske skrivereglarav Aud Søyland og Jan Olav Fretland. Det Norske Samlaget, 2015. (Fins i både nynorsk og bokmåls-utgåve).

Nynorsk ordlisteav Alf Hellevik, Margunn Rauset og Aud Søyland. Det Norske Samlaget, 11. utg. 2012.

Nynorsk for dumskallar av Kristin Fridtun. Det Norske Samlaget, 2013.

På godt norsk av Magne Rommetveit, Det Norske Samlaget, 2002.