Olav H. Hauge-stipendet til Endre Olsen

Endre Olsen fekk Olav H. Hauge-stipendet 2020 (i 2021)

Songaren og låtskrivaren Endre Olsen frå Stord fekk Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 3. september. – Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel, sa juryleiar Brit Bildøen under utdelinga.

Stipendvinnaren sjølv oppsummerte det heile som ei stor ære. 

– Eg kan ikkje tenkje meg noko som er større enn å ta i mot ein pris i namnet til Olav H. Hauge. Dette er ei stor æra, seier han. 

Olav H. Hauge-stipendet går til ein ung norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar som har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet er på 150 000 kroner og er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. Det er Nynorsk kultursentrum som har oppretta stipendet i samarbeid med Ulvik herad.

– Stipendet er oppretta for å framheve dei nye og særprega poetane som held det lyriske språket levande og aktuelt. Songpoeten Endre Olsen er ein framifrå tekstforfattar og ein verdig vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret. Stipendet vert delt ut kvart anna år under opninga av poesifestivalen i Ulvik. Grunna korona blei festivalen 2020 flytta til 2021. Stipendet for 2020 blir difor delt ut i år.

Fagjuryen var sett saman av Brit Bildøen, forfattar, leiar og representant for Norsk Forfattersentrum, Stein Erik Lunde, forfattar og Sindre Ekrheim, forfattar og lyrikkmeldar. Dei delte ut stipendet med denne grunngjevinga: 

Den som skal skrive gode tekstar til musikk har tatt på seg ei vanskeleg oppgåve. Ein kan seie at tekstskrivaren hentar hjelp i musikken, at musikken og songarens røyst kan farge orda på eit vis som gjer at orda vert kamuflerte for lyttaren, at lyttaren vert forført.

Juryen vurderer den litterære kvaliteten i songlyrikken. Vi er ute etter den gode teksten, men vert også påverka av musikk og røyst; vi er jo menneske. Vi vurderer difor songen som ein heilskap: tekst, musikk og framføring.

Årets mottakar av stipendet har skrive songar i mange år. På dei to siste albuma har han norske tekstar, framført på si eiga dialekt. På desse to utgjevingane syner han at han kan handverket som skal til. Ord som toler å syngjast og som kling med musikken og rytmen. Gjentakingar og rim, leik med ord og tydingar. «Det blir nok seint, det blir sikkert nok, men aldri seint nok for meg» lyder det på det siste albumet «Baklengs Tebake». Endre Olsen syng på eit vis så vi skjønar at noko står på spel. Han syng om gleda i livet. Og om melankolien i livet. Om ting som gjekk gale og om vegen vidare. Om ting vi kan kjenne oss heime i uavhengig av alder, kjøn, kvar ein bur eller sosial status. Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel.

Det er ei stor glede å dele ut Olav H. Hauge-stipendet 2020 til ein låtskrivar: Endre Olsen.
 
Olav H. Hauge-stipendet blei oppretta i 2018. Då var det Erlend O. Nødtvedt som fekk stipendet.