Komplett bibliografi over Aasens skrifter

Nærmare 1200 tekstar av Ivar Aasen er publiserte. Berre 234 av dei publiserte han sjølv. – Forfattarskapen lever i beste velgåande. Ivar Aasen blir sitert kvar einaste dag året gjennom. Særleg dei mange ordtaka hans er mykje brukte, seier Ottar Grepstad.

I si levetid fekk Ivar Aasen trykt nær 100 dikt og like mange artiklar og prosastykke, og han gav ut 39 bøker og småskrifter. Etter at han døydde i 1896, har det kome mykje meir. Til saman er no nær 300 dikt og viser publiserte, vel 300 artiklar og prosastykke, og 400 brev. Det ligg også føre 125 bøker og småskrifter med tekstar av Ivar Aasen.

Dikt og andre tekstar av Ivar Aasen kan lesast på åtte ulike språk. Av 121 registrerte omsetjingar og gjendiktingar er heile 50 på engelsk, 32 på dansk og 30 på tysk.

– Ivar Aasen hadde eit skarpt blikk for kvalitet. Han visste godt kva som var best av det han skreiv, og det var dei tekstane han la vekt på å få gitt ut. Aasen arbeidde planmessig med utgivingane sine, og det var viktig for han å vere til nytte for språkbrukarane. I alders år angra han på at han ikkje hadde skrive fleire bøker for barn og unge, og for folk flest, seier Ottar Grepstad.

Ivar Aasens publiserte skrifter
• 126 utgåver og opplag av bøker og småskrifter
• 282 dikt, viser og skodespel
• 319 artiklar og prosastykke
• 399 brev
• 40 omsetjingar og gjendiktingar frå andre språk
• 121 omsetjingar og gjendiktingar av Aasen-tekstar til åtte andre språk

Last ned heile Aasen-bibliografien.

Last ned Aasen-bibliografien del 1, «Skrifter av Ivar Aasen»

Last ned Aasen-bibliografien del 2, «Manuskript og brev»

Last ned Aasen-bibliografien del 3, «Skrifter om Ivar Aasen»

Ottar Grepstad står bak Aasen-bibliografien. Foto Sunniva Lund Osdal