Det norske Folkesprogs Grammatik (1848)

Dette var det fyrste store vitskaplege verket Aasen gav ut og den fyrste store vitskaplege utgreiinga om norsk talemål.

Grammatikken byggjer på språktilfanget han samla inn på langferda 1842-46, og han skreiv grammatikken i Trondheim og Kristiania i 1847. Det kom rosande meldingar av boka, og særleg ei melding av P. A. Munch var viktig. Boka gav Aasen det store offentlege gjennombrotet som språkforskar. Alt i 1852 var opplaget på 500 bøker utselt. Utgjevinga vart kosta av Det kgl. norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Digital fulltekstversjon av fortalen til grammatikken
Digital utgåve 1996, ved Terje Aarset, NB.no
Digital utgåve 1848 i gotiske typar, NB.no

Aasen såg grammatikken som ei førebuing til ordboka han gav ut i 1850, og han skreiv fleire gonger seinare at han var lite nøgd med verket. Den andre grammatikken til Aasen, Norsk Grammatik (1864), var mykje større og sette ei fast norm for det skrivne landsmålet.

Utgåver
Grammatikken kom i ny utgåve i 1996 etter å ha vore utseld i 144 år, utgjeven ved Terje Aarset som «Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 1», Høgskulen i Volda.