Ervingen (1855)

Ervingen var det fyrste skodespelet på landsmål, og Aasen gav det ut anonymt. 

Det var eit syngjespel (vaudeville), og inneheldt fleire songar som seinare har vorte kjende, til dømes «Dei vil alltid klaga og kyta».

Stykket har ein enkel intrige om odelsretten til ein gard med ei innlagd kjærleikshistorie. Det er eit av dei aller mest spela amatørteaterstykka i Noreg.

Digital utgåve frå 1997

Digital utgåve NB.no (1898)

Utgåver
Aasen sjølv redigerte og korta ned stykket i andreutgåva frå 1874, og det er denne versjonen som seinare har vorte spela og prenta i ei rad utgåver. Skrifter i Samling II (1911-12) har med fyrsteutgåva frå 1855.